Detaljer
Bedrift
Garn senter ASSøknadsfrist
31.01.2021Sted:
VOSSStillingsfunksjon:
ButikkansattStillingstype:
DeltidBransje:
Varehandel DetaljistUtdanningskrav:
ØnskeligArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
VESTLANDArbeidssted:
VossLand:
NOAntall stillinger:
3karriere-kode:
3360826Se her for andre jobber fra Garn senter AS
Spørsmål rettes til
Liv Marion Grønås
tlf: 480 35 988
BUTIKKSELJARAR
GARN SENTER A/S er ein spesialbutikk for garn og strikk på Voss. Me er i dag 4 tilsette. Påsken 2021 utvidar me butikken og flyttar til eit større lokale tett ved der med held til i dag. Garn Senter AS har lange tradisjoner, driv tradisjonelt og solid og ynskjer å satsa i ein marknad som stadig er i endring.
Butikkseljarar deltid 25–75 % stilling
Har du lyst til å verta ein av våre nye kollegaer? Me søkjer deg som er glad i sal, strikking og garn! Garn Senter AS utvidar butikken og treng fleire, flinke kollegaer som kan vera med på å gje våre kundar god service og fagmessige råd. Stillingane er fleksible og stillingsprosent kan avtalast nærare.
Om stillingane:
• Sal og rådgjeving om garn/strikk samt tilhøyrandre produkt i butikken.
• Vareeksponering inkl. utpakking med moglegheit for eige produktansvarsområde.
• Kontakt med våre leverandørar.
Om deg:
• Smilande og blid – ynskje og evne til å setja kunden i sentrum i ein hektisk kvardag.
• Trivst med sal og rådgjeving.
• Likar å strikka og hekla - kjennskap til garn, strikk, mønster og fargar.
• Må ha grunnleggjande datakunnskap og kunna fylgja sosiale medium.
Me tilbyr:
• Voss sine kjekkaste kundar..
• Ein kvardag med mønster og garn.
• Spennande dagar på arbeid i ein spesialbutikk som ekspanderer.
• Løn og arbeidstid etter avtale.
Ynskjer du meir info, kontakt dagleg leiar Liv Marion på tlf. 480 35 988.
Send kortfatta søknad med CV på mail til livmarion@yahoo.no innan 31. januar.
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater