Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Byggtorget Martin Lid AS

BUTIKKMEDARBEIDAR

Trelast Industri / Produksjon

Byggtorget Martin Lid Trelast AS er eit veletablert byggjevarehus som har forhandla byggjevarer, hus og hytter i Voss og omegn i over 60 år. Selskapet held til i eigne lokale på Palmafossen og har i dag 16 tilsette. Eigen prosjektavdeling har i over 50 år levert tilbygg, garasjar, hus og hytter og hjelper private -og proffkundar med teikningar, prosjektering, søknader og byggjevareleveransar. Selskapet er medlem av byggjevarekjeda Byggtorget og huskjeda Systemhus. Begge kjedekonsepta er medlemsbedrifter i Noregs største byggjevarekonsern Mestergruppen. Byggtorget har i dag over 100 butikkar fordelt over heile landet og er ein markant aktør i den norske byggjevaremarknaden.
Systemhus har iløpet av dei siste 50 åra levert 50.000 hus til den norske bustadmarknaden.

ME SØKJER ETTER BUTIKKMEDARBEIDAR
MED ANSVAR FOR MALING OG INTERIØRAVDELINGA

Byggtorget Martin Lid Trelast AS søkjer dyktig butikkmedarbeidar med teft for fargar, trendar og interiør. Du blir ansvarleg for maling og interiøravdelinga der du brenn for gode kundeopplevingar og inspirerande utstillingar. Er det deg me ser etter?

DINE ARBEIDSOPPGÅVER BLIR: 
• Sal og kundebehandling til både forbrukar- og proffkundar.
• Skapa inspirerande utstillingar og miljø
• Vareeksponering.
• Marknadsføring i butikk og digitalt.
• Forberedelsar og gjennomføring av våre kampanjar

ME YNSKJER AT:
• Du er engasjert og positiv med kunden i fokus.
• Du har stort fokus på god rådgiving og sal til våre kundar.
• Du har interesse for interiør og fargar
• Du blir motivert av sal og resultat.
• Du er serviceinnstilt, positiv og likar å arbeida i team.

ME KAN TILBY DEG:
• Eit godt arbeidsmiljø og kompetente arbeidskollegaer.
• Allsidige og interessante arbeidsoppgåver.
• Konkurransedyktige vilkår.
• Nødvendige kurs og opplæring

Ynskje om snarleg tilsetjing 

For meir informasjon om stillinga  kontakt Morten Lid tlf. 416 26 003.

Søknad og CV kan sendast til: morten@martinlid.no

Søknadsfrist: 31. oktober 2021