Ledig stilling

Austevoll kommune

Brannmeister/overbrannmeister

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100% fast stilling som brannmeister/overbrannmeister ved Brann og redning. Oppgåvene i stillinga er fordelt mellom 50% forebyggande arbeid og 50% beredskapsarbeid. Stillinga rapporterer til brannsjefen.

Brann og redning held til i fine lokalar ved Austevoll brannstasjonen på Nordeide 87. Vi har 3 fulle stillinger, i tillegg til 22 deltidsstillingar i beredskap. Austevoll er medlem av Vest brann og redningsregion VBR.

Ansvars – og arbeidsoppgåver:

  • Ettersyn og vedlikehald, og dokumentasjon for alt utstyr og materiell som tilhøyrer avdelinga, inkludert alle kjøretøya og båt.
  • Ettersyn og kontroll med IUA sitt utstyr lokalisert ved Austevoll brannstasjon.
  • Ansvar for tilrettelegging og gjennomføring av all intern opplæring i bruk av utstyr og materiell, inkludert kjøretøy.
  • Delta i 5 delt vaktordning på utrykningsleiar/overordnavakt nivå
  • Delta i forebyggande arbeid
  • Utføra tilsyn med særskilte brannobjekt.
  • Arbeida etter planar og årshjul
  • Stedfortredar for brannsjef

Kvalifikasjonar:

  • Relevant fagutdanning og erfaring
  • Beredskapsutdanning i samsvar § 41 i brann- og redningsvesenforskriften
  • Beredskapsutdanning som forebyggande personell i samsvar § 40 i brann- og redningsvesenforskrifta
  • Erfaring i bruk av digitale verktøy
  • God skriftleg og munnleg kompetanse i norsk
  • Gode datakunnskapar
  • Førarkort klasse BEC samt 160 kode
  • Båtførar kompetanse
  • må kunne leggje fram politiattest
  • må bestå fysisk test årleg
  • må bu i nærheten av brannstasjonen i Austevoll

Det ønskjeleg med røykdykkarkompetanse og utdanning i samsvar med § 44 i Brann og redningsvesensforskrifta.

Kvalifiserte kandidatar med kompetanse i samsvar med § 40 i Brann og redningsforskrifta vil bli tilsett som overbrannmeister.

Søkjarar uten fagutdanning som forebyggende personell må være villig å ta denne utdanninga så snart det lar seg gjere.

Søkjar må vere personleg eigna. Vi søkjer deg som har evne til å planlegge, prioritere og evaluere eige arbeid. Vidare må du:

  • Vere positiv, initiativrik og serviceinnstilt
  • Ha evne til å arbeida sjølvstendig og i team
  • Vere strukturert og systematisk
  • Arbeida målretta etter planar og årshjul
  • Ha gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksitidsordning
  • Eit aktivt fagmiljø i eit triveleg arbeidsmiljø
  • Treningsrom på arbeidsplassen
  • Løn etter kvalifikasjonar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.