Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
11.04.2021Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3643449Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 22.03.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Surnadal kommune
Brannkonstablar Surnadal brannvesen
Brannvesen
Surnadal brannvesen skal tilsette 3 brannkonstablar ved stasjonen i Røtet og 1 ved stasjonen på Kvanne.
Vi bed om at du skriv i søknaden om du er søkar i Røtet eller på Kvanne.
Røtet:
Stillingsprosenten på 1,23% beskriv talet på timar ein øver kvart år som deltid brannkonstabel med røykdykkarteneste. 1,23% stilling utgjer dette 24 øvingstimar i året. Øvingstimane blir i hovedsak gjennomført som 12 øvelsar à 2 timar på tysdagar mellom kl. 18.00 og 20.00.
Kvanne:
Stillingsprosenten på 0,62 % beskriv talet på timar ein øver kvart år som deltid brannkonstabel utan røykdykkarteneste. 0,62% stilling utgjer 12 øvingstimar i året. Øvingstimane blir i hovedal gjennomført som 6 øvelsar à 2 timar på kveld mellom kl.18.00 og 20.00
Arbeidsoppgåver:
Det inngår ikkje fast vaktordning i desse brannkonstabelstillingane. Det er likevel eit krav at alt personell i brannvesenet ber nødnettradio på seg når dei er i kommunen og har anledning til å rykke ut.
Som brannkonstabel deltek du i utrykningar som gjeld:
- brannar
- akutte helseoppdrag
- bistand til politi
- bistand til ambulanse
- ulykker i vatn
- flom/ras/vind
- trafikkulykker
- redning av menneske og dyr
Kvalifikasjonar:
For tilsetting ved Kvanne brannstasjon krev vi at:
- du bur og arbeider ikkje langt unna brannstasjonen; du bør kunne kome dit innan 5 minutt ved alarm
- er i normal/god fysisk form
- disponererer eigen bil og har førarkort min. kl. B
- er svømmedyktig
- får avtale med arbeidsgjevar om at du kan disponerast av brannvesenet ved utrykningar og øvingar, samt at du får nødvendig fri til å ta lovpålagt utdanning og kurs
- at du er villig til å ta nødvendig opplæring, herunder førarkort kl. C1 og utrykningsbevis kode 160
- at du beherskar norsk flytande, både muntleg og skriftleg
For tilsetting ved brannstasjonen i Røtet krev vi at:
- du bur og arbeider ikkje langt unna brannstasjonen; du bør kunne kome dit innan 5 minutt ved alarm
- er i normal/god fysisk form
- disponerer eigen bil og har førarkort min.kl. B
- er svømmedyktig
- får avtale med arbeidsgjevar om at du kan disponerast av brannvesenet ved utrykningar og øvingar, samt at du får nødvendig fri til å ta lovpålagt utdanning og kurs
- er villig til å ta nødvendig opplæring, herunder førarkort kl. C og utrykningssertifikat kode 106
- før tilsetting må det framleggast tilfredsstillande legeattest som er forenleg med å drive røyk- og kjemilkaliedykking
- du gjennomfører og består fysisk test for røyk- og kjemikaliedykkarar. ("Fredrikstadtesten" blir bruka)
- at du beherskar norsk flytande, både muntleg og skriftleg
- spørsmål vedrørande røykdykkartenesta kan rettast til Hans Christian Hårstad, tlf 90777715, eller epost: hans.christian.harstad@surnadal.kommune.no
For stilling begge plassane er det ønskeleg at du har førarkort kl. C, førarkort kode 160 og at du har kompetanse i førstehjelp.
Vi ser etter deg som:
- kan arbeide godt i team
- kommuniserer godt med andre
- tåler sterke påkjenningar både fysisk og psykisk
- du må kunna handtere og stå i til tider svært stressande situasjonar
VI BED OM DU OPPGJEV I SØKNADEN KVA SOM ER AKTUELL BRANNSTASJON FOR DEG.
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
11.04.2021Ansettelsesform
workTime.Varierande arbeidstidBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
3643449Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 22.03.2021