Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Brakanes Hotel

BOOKINGSJEF

Hotell, restaurant og storhusholdning

Brakanes Hotel i Ulvik er kjent som eit av dei store turistog konferansehotella i Hardanger. Hotellet har 160 år med tradisjon i veggane, og har dei siste åra gjennomgått ei større renovering og omprofi lering, samstundes med stort fokus på utvikling av nye mat- og drikkekonsept. Saman med dei to andre hotella i Fjordtind Hotels, vil me at våre gjester skal oppleva Hardanger på sitt aller beste, gjennom aktivitetar med både låg og høg puls og ikkje minst gjennom smakane.

Me søkjer etter vår nye

bookingsjef i 100% stilling

og er på leit etter nokon som har erfaring med optimering/revenue og kontraktsamarbeid med internasjonale og norske turoperatørar.

Du er grundig og strukturert, har stor arbeidskapasitet og gode språkkunnskapar skriftleg og munnleg i både norsk og engelsk, og gjerne fleire språk.

Det er viktig at du har kjennskap til Protel eller anna windowsbasert bookingsystem, og ein fordel om du

kjenner budsjett- og prognoseverktøyet PMI.

Du har eit godt smil, er fl eksibel og gjesteorientert. Du er flink til å skapa gode relasjonar og har massevis av guts og is i magen. Er du ein lagspelar også?
Søk då vel!

Søknadsfrist 10.november.

Arbeidsstad er fortrinnsvis i Ulvik, men ein kombinasjon med delt arbeidsplass Ulvik/Hardanger/Voss/Bergen vil verta vurdert for den rette kandidaten.

Send din søknad til ingrid@fjordtindhotels.no