Detaljer


Bli med å lage statistikk over Noregs utanrikshandel

Vil du vere med å bidra til heile Noregs fakta- og avgjerdsgrunnlag? Vi har nå ei ledig stilling som førstekonsulent eller rådgivar i Seksjon for utanrikshandelsstatistikk. Seksjonen består av 19 medarbeidarar, og er ansvarleg for statistikk over Noregs internasjonale handel med varer og tenester.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet omfattar kvalitetssikring av data, formidling av statistikk, analyse og metodeutvikling. Den ledige stillinga er knytt til gruppa som lager statistikk over norsk eksport og import av tenester. Statistikken er basert på ei utvalsundersøking blant norske føretak, og blir laga av ei gruppe på sju personar. Blant dei viktigaste brukarane av statistikken er nasjonalreknskapen og analysemiljø i privat og offentleg sektor. Seksjonen har mange erfarne og dyktige medarbeidarar, og vi vil gi god opplæring i oppgåver og faglege tema knytt til stillinga. 

Kvalifikasjonar
  • Utdanning på mastergradsnivå innanfor økonomi, statistikk eller anna samfunnsvitskap. Lang og relevant erfaring kan erstatte kravet om utdanning.
  • Statistikk i fagkretsen
  • Gode IT-kunnskapar
  • Erfaring med programmering er ein fordel
  • Kjennskap til rekneskap er ein fordel 
  • Gode norsk- og engelskkunnskapar
Personlege egenskapar

Dersom du har interesse for økonomi og samfunnsspørsmål, kombinert med gode analytiske evner og talforståing, vil du trivast og fungere godt i seksjonen vår. Vi jobbar tett saman for å levere eit godt produkt til brukarane og å stadig forbetre metodane våre, så du må ha gode samarbeidsevner. For å bidra må du òg kunne jobbe sjølvstendig og strukturert. Du må kunne setje deg inn i eit omfattande sett av internasjonale anbefalingar for utanrikshandelsstatistikk. Statistikken sine tema, populasjon og kontekst er i stadig endring, så du må òg ta initiativ og evne å omsetje dei faglege anbefalingane til praktiske løysingar.

Vi tilbyr
  • Lønn som førstekonsulent/rådgivar (kode 1408/1434), kr 456 400 − 560 000 etter kvalifikasjonar. Høgare lønn kan vurderast for søkjarar som er særleg godt kvalifiserte.
  • Fleksibel arbeidstid og god pensjonsordning
  • Lyse og trivelege lokale i Oslo.
  • Eit godt fagleg miljø som gir gode høve for eigenutvikling
  • Ein kunnskapsrik organisasjon, utfordrande arbeidsoppgåver, og eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø.

Generelt
Attestar/vitnemål skal registrerast/leggjast ved i søknadsportalen innan søknadsfristen. Vi ber søkjarar som blir kalla inn til intervju, om å ta med originalar eller bekrefta kopiar av attestar og vitnemål. Vi kontrollerer dokumenta og gjennomfører bakgrunnssjekk på kvalifiserte søkjarar før tilsetting.
Vi gjer merksame på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ønska reservasjon ikkje blir tatt omsyn til, vil søkjaren bli varsla om dette før offentleg søkjarliste blir laga.
Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer derfor medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Eksempel på det kan vere tekniske hjelpemiddel, fysisk tilrettelegging eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil minst ein søkjar i kvar av desse gruppene bli kalla inn til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie bli positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).

Vi oppmodar søkjarar til å krysse av dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssingane i jobbsøkjarportalen dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.