Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vest-Telemark tingrett

Bistandsadvokat

Generell informasjon

Ved Vest-Telemark tingrett er det frå 01.10.2019 ledig verv som fast bistandsadvokat på vilkår slik dei er fastsette i kgl. res. 4 mars 2011 jfr. straffeprosesslova § 101 og § 107g.

Om stillingen:

Vervet som fast bistandsadvokat vil gjelde både for Vest-Telemark tingrett og for Agder lagmannsrett. Oppnemninga vil skje på åremål for 6 år med høve til å bli oppnemnd på ny. Ny oppnemning utover ein periode kan berre skje når særlege grunnar tilseier det.

For vervet gjeld ein gjensidig oppseiingsfrist på 3 mnd. Vervet er personleg. Øvre grense for faste bistandsadvokatar er 70 år.

Ved vurderinga av innkomne søknader vil det bli lagt vekt på m.a. erfaring frå saksfeltet, faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. Det vert også lagt vekt på om søkjarane har kontorstad i rettskrinsen.

Kvalifikasjonskrav og kontaktinfo

Ved vurderinga av innkomne søknader vil det bli lagt vekt på m.a. erfaring frå saksfeltet, faglege kvalifikasjonar og personlege eigenskapar. Det vert også lagt vekt på om søkjarane har kontorstad i rettskrinsen.

Eventuelle spørsmål om vervet kan rettast til sorenskrivar Dag Bjørvik, tlf. 35 06 84 50.

Søknad med CV, vitnemål og attestar kan sendast via Jobb Norge: Alle attestar og vitnemål skal skannast samla og leggast ved som eitt elektronisk vedlegg.

Søknadsfrist 11. oktober 2019.

Om arbeidsgiver:

Vest-Telemark tingrett er ein fullfagleg domstol som handsamar sivile tvistar, straffesaker, tvangs- og skiftesaker og utfører oppgåver som Notarius Publicus. Rettskrinsen omfattar kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje, med Kviteseid som kontorstad.