• Bransje
  • Bedriftstype
    Kommune
  • Organisasjonsnummer
    942952880
  • Antall ansatte
    909
  • Opprettet år
    1995
  • Nettside
    Vågsøy kommune
  • Adresser
    Besøksadresse
    Gate 1 120
    6700  MÅLØY

Vågsøy kommune oppføring hos:

Vågsøy kommune

Kommunen består av Vågsøya, Fastlandet, Bryggja og øyane Husevågøy, Risøy, Gangsøy, Grindøy og Silda.

Kommunen er berre på 166 km2 og her er ca. 6000 innbyggarar. Ca. 3000 bur i Måløy.

Måløybrua som vart opna i 1974 bind Vågsøya saman med fastlandet.

Sentrum i kommunen er Måløy som fekk bystatus i 1997.

Vågsøy er landets nest største fiskerikommune - tre av dei ti største fiskeriselskapa i Norge har hovudkontor i Måløy.

Måløy har den sise tida kome på topp 10 i kåring av Noregs beste næringslivsbyar, og Vågsøy scorar høgt blant landets beste gründerkommunar. Vågsøy er ein kommune med mange gründerar og kapitalsterke investorar. Det boblar og veks i kreative, nye næringsmiljø.

Næringslivet i Vågsøy har alltid vore internasjonalt orientert. Bedriftene kjøper og sel sjømat over hele verda. Basert på dette har det òg vakse fram eit variert næringslivsmiljø elles, med alt frå hovudkontor for salsselskap, møbelindustri og IT-bedrifter.

Vågsøy husar den einaste vindparken i Sogn og Fjordane, og vil snart få dei første testområda for nye konsept innanfor offshore vindkraft.

Vågsøy har eit yrande kulturliv og sterk dugnadsånd. Mange er aktive i kor, på danseskule, i kunstlag og idrett. Friluftsmulighetane, særleg knytt til sjøen og den heilt spesielle kystnaturen, er uendelege.

Til Måløy kan du kome deg på fleire måtar. Det går hurtigbåt til Bergen til/frå to gonger dagleg. Det går ekspressbuss til/frå Oslo 3 gonger dagleg. Det tek ca. 1 time til næraste flyplass. Hurtigruta har anløp Måløy både på nordover og sørover.


Bli med i vår Kandidatbank

Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.

 

Ledige stillinger

Vi har for tiden ingen ledige stillinger.