Norsk Natursenter AS
Senteret er eit spennande opplevingssenter for norsk natur, klima og miljø og eit autorisert besøkssenter for Hardangervidda nasjonalpark. Dei nye utstillingane gjer Norsk Natursenter – Hardanger til eit topp moderne natur- og kulturhistorisk opplevings- og formidlingssenter som tilbyr noko ekstra i tillegg til det ein kan oppleve ved andre besøkssenter og ute i naturen.
Senteret har ein spektakulær panoramafilm «Fjord Fjell Foss» regissert av Ivo Caprino, og tre etasjar med spennande, positive og kraftfulle opplevingar i form av interaktive stasjonar, bergartar, mineral, fossil, modellar, akvarium, temavideoar og illustrasjonar. Heile utstillinga gjennom dei tre etasjane er bygd opp som ei tidsreise frå 2,9 milliardar år sidan og fram til i dag.
Bli med i vår Kandidatbank
Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.
Ledige stillinger
Vi har for tiden ingen ledige stillinger.