NOKUT Nasjonalt Organ For Kvalitet i Utdanningen
NOKUT er tilsynsmynde for utdanningar ved norske universitet, høgskular og fagskular. Vi fører tilsyn med over 4 000 utdanningstilbod ved rundt 140 lærestader. NOKUT tilverkar og tilrettelegg informasjon om utdanningskvalitet. Vi er også ansvarlege for den nasjonale studentundersøkinga, Studiebarometeret.
NOKUT er har godkjenningsmynde for utanlandsk høgare utdanning. Vi mottek årleg nærmare 8 000 søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning. Som nasjonalt kompetansesenter for utanlandsk utdanning gir vi råd og informerer om dei norske godkjenningsordningane.
NOKUT er eit fagleg uavhengig organ under Kunnskapsdepartementet med eit eige styre som øvste vedtaksorgan. NOKUT blir leia av administrerande direktør Terje Mørland og er organisert i tre fagavdelingar. I tillegg kjem interne fellesfunksjonar. NOKUT har 148 ansatte. I tillegg engasjerer vi ca 900 sakkunnige i løpet av ein 2-årsperiode i ulike vurderingsprosessar.
Bli med i vår Kandidatbank
Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.
Ledige stillinger
Vi har for tiden ingen ledige stillinger.