Indre Hordaland Revisjonsdistrikt
Indre Hordaland Revisjonsdistrikt (IHR) gjennomfører lovpålagt revisjon for de fleste kommunane i Indre Hordaland. Kommunane er Eidfjord, Jondal, Odda, Ullensvang, Ulvik og Voss. Heimelen for IHR sitt arbeid finn ein i kommunelova paragraf 78. Utover den lovpålagde revisjonen reviderer IHR andre kommunale føretak og bedrifter. IHR rapporterer til kontrollutvala i kvar av kommunane som vi reviderer og kontrollutvala rapporterer til sine kommunestyre. Ved at IHR rapporterer til kontrollutvala i kommunane, er revisjonen sikra ei sjølvstendig rolle i forhold til kommunane. På den måten har me den nødvendige avstanden mellom revisjonen og den kommunen som vert revidert. Det er såleis berre kontrollutvala og kommunestyra som kan instruere revisjonen. Bakgrunnen for dette er at revisjonen skal ha ei uavhengig stilling i forhold til administrative og politiske organ i kommunane. IHR har kontor på Voss. Dei tilsette ved IHR har tverrfagleg kompetanse gjennom revisjonsfagleg-, juridisk-, økonomisk- og samfunnsvitskapleg utdanning og brei erfaring frå kommunal revisjon. IHR har i dag 5 tilsette. IHR er organisert etter kommunelova paragraf 27 (interkommunalt samarbeid) med eigne vedtekter. Styret er sammansett av representar frå eigarkommunane. |
Bli med i vår Kandidatbank
Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.
Ledige stillinger
Vi har for tiden ingen ledige stillinger.