• Bransje
  • Bedriftstype
    Forening, lag, innretning
  • Organisasjonsnummer
    941190103
  • Opprettet år
    1911
  • Nettside
    Hardanger Folkemuseum
  • Adresser
    Besøksadresse
    Museumsvegen 36
    5778  UTNE

Hardanger Folkemuseum oppføring hos:

Hardanger Folkemuseum

Det eldste folkemuséet i Hordaland

Hardanger folkemuseum er det eldste folkemuseet i Hordaland, og vart skipa alt i 1911.

Museet ligg på neset på Utne, med vakkert utsyn over fjord og fjell. Her kan ein oppleva Hardangerkulturen i naturskjønt landskap, og vitja utstillingar i eit moderne administrasjonsbygg, og historiske bygningar i museumstunet.

Administrasjonsbygget er reist i tre omgangar. Fyrste del stor ferdig i 1976, andre del er frå 1987, medan den nye toppetasjen opna i 2011.

I administrasjonsbygget finn ein forutan utstillingslokale og kontor, magasin, storsalen, kafe og verkstader. Kring adminstrasjonsbygget ligg friluftsmuseet med omlag 20 gardshus, naust, skulestove og krambua etter Sjur Svartveit.

Hardanger folkemuseum har óg avdelingar på Skredhaugen på Lofthus og på Bu, og styrar i tillegg Agatunet.


Bli med i vår Kandidatbank

Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.

 

Ledige stillinger

Vi har for tiden ingen ledige stillinger.