• Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Bedriftstype
    Kommune
  • Organisasjonsnummer
    964980810
  • Antall ansatte
    1513
  • Opprettet år
    1995
  • Adresser
    Brattvåggata 19
    6270  BRATTVÅG

Haram kommune oppføring hos:

Haram kommune

Med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Dette set sitt preg på lokalsamfunnet og innbyggarane i kommunen.

«Det som vert laga i Haram er verdsklasse,» slo Kronprins Haakon Magnus fast då han besøkte Haram i 2012. Folk i Haram har tradisjonar for å sjå ut i den store verda, hente impulsar og skape nyvinningar for verdsmarknaden. Ute i verda er Brattvåg og Tennfjord til dels kjende som namn på gode vinsjar og styremaskiner. Frå Thomas Longva fann vegen til fiskeriket Storegga, til VARD sine topp moderne offshorefarty i milliardklassa, har folk i Haram sett nye moglegheiter for skape verdiar frå havet.

Skipsverfta og leverandørindustrien er sjølve «ryggrada» i lokalsamfunnet, men ein kan også seie at industrien ligg i ryggmargen på folket. Behov for rekruttering og kompetanse har skapt eit unikt samarbeid mellom skulane, bedriftene og den internasjonale arbeidsmarknaden. Ein har sterke tradisjonar for bygge kulturhus, idrettsanlegg, turløyper og vegar i nært samarbeid mellom kommunen, næringslivet, lag og frivillige organisasjonar. Dette samspelet mellom folk og bedrifter skapar ein unik dynamikk i lokalsamfunnet.

Blant dei om lag 9.000 innbyggarane i Haram finn vi i dag menneske frå meir enn 65 nasjonar, og Haramssamfunnet har gjennom lang tid vore trekt fram som eit vellukka døme på godt integreringsarbeid her i landet. Ambisjonane er å verte endå betre!Mange frå Haram er periodevis ute i verda i arbeidet sitt. Dei skaffar seg erfaring og kompetanse i å arbeide internasjonalt. Dette skal vere med på å gjere Haram til ein endå betre plass å bu for alle. Ein bedriftsleiar uttrykte det slik: «Det er muleg å bu trygt og tilbaketrekt, samtidig som ein kan jobbe globalt og vere nær verda.»Haram har klare ambisjonar om vere med på å auke den regionale utviklingskrafta, som kan gjere heile Sunnmøre til ein endå sterkare og meir attraktiv bu- og arbeidsregion. Vi arbeider for å skape innhald i omgrepet:

Haram - tradisjon for lagbygging i verdsklasse!


Bli med i vår Kandidatbank

Synes du vår bedrift ser spennende ut? Meld din interesse, vi vil gjerne ha deg i vår Kandidatbank. Stå først i køen og bli kontaktet når vi trenger folk.

 

Ledige stillinger

Vi har for tiden ingen ledige stillinger.