• Bransje
    Juridiske tjenester
  • Bedriftstype
    Privat aksjeselskap
  • Organisasjonsnummer
    987744197
  • Antall ansatte
    17
  • Opprettet år
    2005
  • Nettside
    Advokatfirmaet Responsa AS

Adresse

Besøksadresse
Sæ 136
5417  STORD

Advokatfirmaet Responsa AS oppføring hos:

Advokatfirmaet Responsa AS

Advokatfirmaet Responsa AS er eit advokatfirma som held til i Sæ rett utanfor Leirvik sentrum (Stord kommune), i Haugesund og på Voss.

Me er i dag 17 tilsette – 12 advokatar, 1 advokatfullmektig og 4 advokatsekretærar/ kontormedarbeidarar.

Me tek på oss oppdrag innanfor dei fleste juridiske felt og har som mål å bli eitt av dei beste advokatkontora på Vestlandet innanfor fleire rettsområde. Våre advokatar er tilsett på grunnlag av gode juskarakterar og gode personlege eigenskapar. Dette skal visa att i eit kvalitativt godt arbeid for våre klientar. Om lag halvparten av advokatane våre arbeider hovudsakleg med forretningsjuridiske saker, der selskapsrett, arbeidsrett, insolvensrett (konkurs/gjeldsforhandling), entrepriserett og fast eigedom er mellom våre satsingsområde. Me har også omfattande kompetanse og erfaring innanfor barne-, familie-, barneverns-, straffe-, arve-, utlendings- og forvaltningsrett.

Me har nyleg fusjonert med firmaet Advokat Anne-Sofie Lutro AS der advokat Anne-Sofie Lutro var einaste medarbeidar. Anne-Sofie arbeider ved vårt vosskontor, men har også kontordagar i sin heimkommune Ullensvang, samt i Odda. Ho har møterett for Høgsterett og særs god kompetanse i tingsrett, odelsrett, arverett m.m. Vi har etter dette Haugalandet, Sunnhordland og Hardanger m/ Voss som våre «nærområder».

Vårt mål er å sette i saman våre ulike styrkar slik at me til saman vert eit ”lag” som skal kunne hjelpa personar og nærlingslivsaktørar på ein slik måte at summen av vår kunnskap og kompetanse gir eit resultat som vår klient er meir enn nøgd med.

Våre klientar skal føle at dei er blitt ”teken hand om” av våre medarbeidarar i labyrinten av reglar i dagens komplekse samfunn. Me set høg kvalitet og etikk i sentrum samstundes som me heile tida skal ha fokus på dei menneskelege aspekta ved ei sak slik at klienten skal sitja att med ei oppleving av at det å søkja hjelp hos oss var ei god investering for å få førebyggja eller løysa eit rettsleg problem eller tvist.

Me meiner det er umogleg for ein einskild advokat å vera spesialist i på alle juridiske fagområde. Advokatfirmaet Responsa AS satsar difor medvite på at den einskilde advokat skal få utvikla og vedlikehalda solid kompetanse innanfor sine nisjar.

Under omtalen av den einskilde advokat finn du informasjon om han eller hennar bakgrunn og spesialfelt.

Ta gjerne kontakt pr. telefon eller via e-post (responsa@responsa.no) for ein uforpliktande prat.

Ledige jobber

Registrer deg på Karriere.no
  • Karriere Jobbmatch
  • Bedrifter ser relevante kandidater
  • Kom i kontakt og motta jobbtilbud
  • Du velger selv din synlighet
  • Over 90.000 registrerte kandidater