• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4686781
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 12.08.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Barnevernskonsulent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli den nye kollegaen vår? Barneverntenesta i Samnanger ser etter deg som er raus og audmjuk, og som er motivert for å hjelpe og støtte barn og familiar i vanskelege livssituasjonar. Du kan bidra med å gi ein trygg og forsvarleg oppvekst, bygga opp eit omgjengeleg, dynamisk og fleksibelt ambulerande team, og stå i front i arbeidet med å bygga opp eit nytt barnevern i Samnanger kommune.

Med Barnevernsreforma får kommunane eit auka fagleg ansvar, mellom anna gjennom eit heilskapleg ansvar for oppfølging og rettleiing av fosterheim. Vi har derfor ledig 100 % fast stilling som barnevernskonsulent i barneverntenesta, som er ei av tre stillingar i avdelinga.

Samnanger barnevern er ein arbeidsplass som utøver barnevernfagleg arbeid etter verdiane openheit, etterrettelegheit, audmjukskap, rausheit og omsorg i arbeidet for barn, unge og familiane deira. Barnevernstenesta i Samnanger er organisert saman med PPT og NAV.

Målet er aktivt å fremje tverrfagleg samarbeid og levere godt førebyggande barne- og ungdomsarbeid. Barnevernstenesta vektlegg eit nært samarbeid med andre tenester i kommunen til det beste for barn, unge og familiane deira. Vi er særleg opptekne av at barn og familiar blir involverte og har innverknad på tenester som er samordna og prega av kontinuitet.

Vi ønsker medarbeidarar som er framoverlente og som ynskjer å bidra til ei teneste som kan tilby rett hjelp til rett tid.

 

Arbeidsoppgåver

  • Sakshandsaming etter barnevernlova
  • Oppfølging og rettleiing av fosterheim
  • Oppfølging av barn som er plasserte
  • Samtalar med barn, foreldre, fosterforeldre og institusjonar
  • Gjennomføring av tverrfagleg samarbeidsmøte, referat og rapportskriving
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Den som blir tilsett vil òg måtta møta som kommunen sin partsrepresentant i fylkesnemnda og det øvrige rettssystemet.
Noko reiseverksemd og arbeid på ettermiddag og kveldstid må påreknast.


Kvalifikasjonar

Krav:

  • 3-årig sosialfagleg utdanning som barnevernspedagog eller sosionom, eller annan relevant 3-årig sosialfagleg utdanning
  • Minst 2 års erfaring frå sakshandsaming i kommunal barnevernsteneste
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne

  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest blir kravd ved tilsetting, i tråd med føresegn til barnevernlova § 6-10

Ønskjer: 

  • Erfaring med rettleiing av fosterforeldre
  • Kompetanse og erfaring innan ulike foreldrerettleiingssprogram; PMTO, COS I, traumesensitiv omsorg, etc.


Personlege eigenskapar

  • Raus, audmjuk og omgjengeleg i møte med barn og familiane deira, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Gode kommunikasjonsevner som skaper tryggleik og tillit hjå brukarane
  • Evne til å arbeide planmessig og strukturert
  • Evne til å jobbe sjølvstendig

 Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Eit utviklingsorientert, positivt og endringsretta arbeidsmiljø
  • Fagutvikling og kompetansepåfyll på fleire ulike område
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4686781
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 12.08.2022