Detaljer

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    24.02.2021
  • Sted:
    STOREBØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STOREBØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3369482
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune

Barnevernkonsulent - vikariat

Oppvekst er ei eining med om lag 145 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår Austevoll ungdomsskule, Storebø barneskule, Selbjørn barneskule, private barnehagar, PPT-kontor, helsestasjon, barnevern, vaksenopplæring, kulturskule og bibliotek. Oppvekst har som mål å leggja til rette for gode oppvekstvilkår for barn og unge, difor er folkehelse og livsmeistring eit av fleire satsingsområde.

Arbeidsstad

Austevoll kommune har ledig 50% vikariat som kontaktperson i barneverntenesta. Stillinga er ledig frå 01.02.2021 og fram til 31.07.21. Utvidelse kan bli aktuelt

Vi søkjer etter:

Ein kollega som ynskjer å være med på å vidareutvikle barneverntenesta i Austevoll. Vi ynskjer å levere tenester av god kvalitet til barn og deira familiar, og at barneverntenesta gjev den enkelte tilsette gode utviklingsmoglegheiter.

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Som kontaktperson vil du ha ansvar for å undersøke korleis barn og unge har det, og om det er behov for hjelp eller støtte frå barneverntenesta. Austevoll har ei lita barnevernteneste med 5 tilsette, og kontaktpersonane her får erfaring frå alle fasar i ei barnevernsak. Dine arbeidsoppgåver vil være knytt til:

  • Sakshandsaming etter lov om barneverntjenester
  • Samarbeid med barn og deira familie/nettverk
  • Skriftlig arbeid og dokumentasjon av arbeidet
  • Tverrfagleg og tverretatlig samarbeid

Kvalifikasjonar

  • Vi ynskjer oss at du er sosionom eller barnevernspedagog, men du kan også søkje stilling hos oss dersom du er i avslutning i eit av desse studia. Stillinga kan la seg kombinere med studie. Andre med relevant utdanning kan også bli vurdert for stillinga.
  • Du må kunne formulere deg godt både skriftleg og munnleg, og du bør trivast med skriftleg arbeid.
  • Du må kunne lage gode menneskemøte og skape tryggleik for dei som skal snakke med deg.
  • Det er fint om du har erfaring frå arbeid med barn.
  • Du må vere fleksibel, løysingsorientert og ha stor arbeidskapasitet.
  • Fordi vi har mykje å gjere, er det viktig at du klarar å prioritere mellom oppgåver og kan strukturere dagen din.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagt.
  • Du må ha førarkort for personbil.
  • Gyldig politiattest.
  • Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.

Vi tilbyr:

  • Spennande og utfordrande oppgåver
  • Moglegheit for fagleg og personleg utvikling gjennom utfordringar og tett oppfølging. Hos oss kan du bli utfordra til å prestere utover det du trur du kan, men du skal få tett og vekentleg oppfølging
  • Vekentleg rettleiing
  • Fleksibilitet
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.