Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Barnehagelærarstillingar i Surnadal kommune frå hausten 2024.

Brannvesen

Surnadal kommune skal tilsette barnehagelærarar frå hausten 2024.

Vi har ledig faste 100% stillingar og stillingane er p.t lagt til desse einingane:

 Midtigrenda barnehage

Signe Lill Aasland er einingsleiar.

Midtigrenda barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i eit roleg og etablert bustadområde i Surnadal. I nærområdet har vi fotballbane og fleire leikeplassar. Det er 1,5 km til Sæterlia alpinsenter og 2 km til sentrum med tilgang til mellom anna bibliotek og kulturhus.

Barnehagen har 5 avdelingar med barn i alderen 0-6 år. Vi har inntil 60 plassar som er fordelt på storbarn og småbarn.

Vi har eit stort uteområde med ein eigen skog som er tilknytt barnehagen. Vi har òg eit turområde med lavvo som ligg i gangavstand til barnehagen.

Midtigrenda barnehage skal vere ein barnehage der det er godt å vere for store og små!

 

Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter

Einingsleiar er Arne Henning Johnsen.

Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter består av 3 avdelingar: Bøfjorden barnehage som ligg i Bøfjorden, samt Bæverfjord barnehage og Bæverfjord skule som begge ligg i Bæverfjord.

Bæverfjord skule er ein fådelt 1-7-skule med ca 40 elevar.

Hovedfokuset vårt er omsorg, leik og læring, samt aktiv bruk av den fine naturen og nærmiljøet i bygdene.

 

Øye og Solbakken

Einingsleiar er Marit Sjøsæter.

Øye og Solbakken barnehage består av to barnehagar med fire avdelingar, to avdelingar for born 0-3 år og to avdelingar med born frå 3-6 år.

Barnehagane er administrativt samla i same eining, noko som gjev eit stort fagmiljø. Eininga har felles einingsleiar og ein styrar på kvar av barnehagane.

Vi ligg sentralt til i nærleiken av Surnadal barne- og ungdomsskule , Surnadal idrettshall og dei ulike idrettsanlegga. Vi har svært god tilgang til turområde og natur rett i nærleiken.

Vår visjon er: «Vaksne på sitt beste», og målet er gode relasjonar mellom barn og vaksne.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar (godkjent i Norge)
  • God muntleg og skriftleg framstillingsevne som er viktig med tanke på god dialog og god dokumentasjon
  • Erfaring frå arbeid i barnehage tenkjer vi er bra å ha
  • Interesse og motivasjon for fag og arbeidsfelt

 

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.

Det er aktuelt å legge ped.leiarfunksjon til stillingane.

Vi kallar inn aktuelle søkarar til intervju.

 

Vi kan tilby:

- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø

- fine og funksjonelle lokale

- kommunale tilsettingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar

- lønn etter tariff

- flyttegodtgjersle etter reglane i kommunen sin personalplan