Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
31.03.2024Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5560220Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 02.02.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Surnadal kommune
Barnehagelærarstillingar 2024 Surnadal kommune
Brannvesen
Er du på utkikk etter stilling som barnehagelærar no eller frå hausten 2024?
Surnadal kommune skal tilsette barnehagelærarar.
Vi har ledig to faste 100% stillingar no i vår; ei med ønska oppstart 1.mars 2024 og ei med 1.april 2024. Begge desse er ved Øye og Solbakken barnehage.
Begge barnehagane har fire avdelingar, to avdelingar for born 0-3 år og to avdelingar for born frå 3-6 år.
Barnehagane ligg sentralt i næriken av Surnadal barne- og ungdomsskule, med god tilgang til natur heilt i nærleiken.
Øye og Skei barnehage er administrativt samla i ei eining, nok som gjev eit stor fagmiljø. Det er ein felles einingsleiar for barnehagane og ein styrar på kvar av barnehagane.
Andre barnehagelærarstillingar kan bli ledig frå hausten 2024.
Skriv gjerne litt i søknadsteksten kva som er aktuelt for deg og når du ser for deg at du kan starte.
Om du blir ferdig med utdanninga di våren 2024, er det mogleg å søkje no og få tilbod om tilsetting under føresetnad av dokumentert bestått utdanning.
Om du er student på deltid, kan det vere mogleg å legge til rette for arbeid ved sida av studiet.
Kvalifikasjonar/ønske om kompetanse:
- barnehagelærar
- barnehagelærarstudent
- erfaring frå arbeid i barnehage tenkjer vi er bra å ha
- god muntleg og skriftleg framstillingsevne med tanke på god dialog og god dokumentasjon
Det er aktuelt med ped.leiarfunksjon i barnehagelærarstillingar.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Det blir halde samtale med søkarar.
Vi tilbyr:
- trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- kommunale tilsettingsvilkår og tarifflønn
- studentavlønning
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
31.03.2024Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5560220Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 02.02.2024