• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    16.06.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3635310
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 15.06.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Barne- og ungdomsarbeidar/assistent

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Byrknes barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdeling. På grunn av aukande barnetal i denne skulekrinsen, utvidar kommunen barnetalet i denne barnehagen, og vi treng derfor fleire tilsette. Eininga har av same grunn fått eit heilt nybygd, flott barnehagebygg, som vart teken i bruk vinteren 2020/21 Sjå www.byrknes.skule.no for meir informasjon, bilete, årsplanar osv.

Vi har ledig inntil 40% stilling som barne- og ungdomsarbeidar i Gulen kommune, for tida ved Byrknes barnehage og skule frå 13.08.2021. 

 

Barnehagane i Gulen har: 

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar. 
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for barne- og ungdomsarbeidar:

  • Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaluering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan også verte vurdert for mellombels stililng.
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

Vi tilbyr:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad

 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    16.06.2021
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3635310
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 15.06.2021