Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Barne- og ungdomsarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Tørvikbygd skule i Kvam søkjer barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar til eit vikariat i 36 % stilling for vårhalvåret 2025. Som fagarbeidar vert du ein del av laget kring elevane, der målet alltid er at dei skal ha eit trygt og godt miljø og få hjelp til fagleg og sosial utvikling. For søkjarar som ynskjer større stilling, kan det vera aktuelt å utvida stillinga med tilfeldige vikaroppgåver både i skulen og på sfo.

Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider kontinuerleg med kompetanseutvikling. Kvammaskulen har fokus på: Implementering av ny læreplan, BTI (Betre tverrfagleg innsats), VFL (vurdering for læring), LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse) og Udir si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde.

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for å skapa ein god kvardag for både det einskilde barn og grupper, i samarbeid med lærar/støtteteam
  • Tilrettelegga fagleg og sosialt for elevar i skulen, både innandørs og utandørs
  • Vera ein trygg vaksen og leggja til rette for leik og læring
  • Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
  • Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i skulen

Kvalifikasjonar

  • Ynskje om fagbrev som barne og ungdomsarbeidar, men har du anna relevant utdanning eller yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i skulen, er du velkomen som søkjar
  • Gode kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg
  • Erfaring frå arbeid i skule er ein fordel
  • Digital kompetanse
  • Ved tilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden

Personlege eigenskapar

Me treng deg som:

  • Har eit positivt barnesyn - "Barn gjer så godt dei kan"
  • Har godt humør, tek ansvar, finn løysingar og arbeider sjølvstendig
  • Er fagleg oppdatert og evnar å inspirera og engasjera barn
  • Møter andre med respekt
  • Er påliteleg og omsorgsfull
  • Viser høg etisk standard

Vi tilbyr

  • Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt fagmiljø med kjekke kollegaer
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.