• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    19.01.2020
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , EIVINDVIK
    Vestland
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2224953
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 03.01.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Barne- og ungdomsarbeidar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Dalsøyra barnehage og skule består av 1-10-skule og barnehageavdelingar i to ulike bygg; eitt på Dalsøyra og eitt i Hovden (heilt nytt barnehagebygg).  Sjå www.dalsoyra.skule.no for meir informasjon, bildete, årsplanar osv.

Gulen kommune har ledig 62% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar. Stillinga er ledig frå april 2020. Det kan verte noko auke i den faste stillinga i løpet av dei første månadane. 

Stillinga er for tida komprimert og følgjer skuleåret. Arbeidstida i skulevekene for tida er 24 t/v. 

 

Arbeidsoppgåver for barne- og ungdomsarbeidar:

  • Medverke til at barnehagen og skulen er ei god pedagogisk verksemd
  • Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med borna
  • Delta i planlegging, rettleiing, gjennomføring, evaludering og vurdering i verksemda
  • Nokre av fagarbeidarstillingane i eininga er knytt til arbeid med enkeltborn

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller tilsvarande kompetanse. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert.
  • Det er ynskjeleg med relevant erfaring
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart enkelt born og skape gode og trygge relasjonar med borna
  • Kan bidra til eit godt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, men likevel kunne vere spontan i møtet med borna
  • Fleksibel, stabil og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

Vi tilbyr:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad

 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    19.01.2020
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , EIVINDVIK
    Vestland
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2224953
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 03.01.2020