Bedrift
Austevoll kommuneSøknadsfrist
30.10.2019Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2161507Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
- Oppdatert 09.10.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Austevoll kommune
Badevert
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Utvikling og forvaltning er ei eining med om lag 35 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår servicekontor, kultur- og næring, folkehelse og frivilligarbeid, plan- og byggesak, FDV (forvaltning, drift og vedlikehald), brann/redning/beredskap, utbyggingsprosjekt og Austevollbadet.
Vi har ledig fast 17 % stilling som badevert. Stillinga kan bli utvida. I tillegg har vi ledig fleire vikariat i ulike mindre stillingsprosentar. Vi har også behov for fleire ringevikarar/ekstrahjelp i periodar. Fint om du oppgjer i søknaden din kva stilling du er interessert i. Arbeidstidene er hovudsakleg kveldstid og i helger.
Arbeidsstad
Austevollbadet ynskjer å vere Austevoll kommune sitt folkehelsefyrtårn. Med dette målet er det derfor mykje ulike aktivitet gjennom heile veka. Frå symjekurs for småbarn til pensjonistsymjing, ulike treningstimar i vatn, skulesymjing, AIK si symjegruppe og ikkje minst publikumstidene for bading og trening. I 2.etg held Frivilligsentralen til med sine aktivitetar i tillegg til at det vert brukt som møterom for frivillige organisasjonar og til feiring av badebursdagar.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
- Vakthald og vert for dei badande
- Reinhald
- Handtering av kasse og adgangssystem
Kvalifikasjonar
- Symjedyktig
- Livredningskompetanse, prøve må gjennomførast
- Kjenskap til bruk av ulike dataverktøy
- Må kunne presentera politiattest
- Fordel med instruktørkompetanse i vanngymnastikk, teknikksymjing o.l.
Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner og som likar å arbeide på lag. Du har stor arbeidskapasitet og er serviceretta. Og du er bevisst på kvalitet i arbeidet du utfører med auge for detaljar. Du må ha fokus på tryggleik.
Vi tilbyr:
- Arbeid i eit positivt og travelt miljø
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Bedrift
Austevoll kommuneSøknadsfrist
30.10.2019Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5392, STOREBØ
AUSTEVOLL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2161507Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
- Oppdatert 09.10.2019