• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2021
  • Sted:
    EIVINDVIK
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    EIVINDVIK
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3864917
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune

Avdelingssjukepleiar

Gulen kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Utvida søknadsfrist

Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen. Kommunen har har 2300 innbyggjarar, ledig barnehageplass, og eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. 


Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim har ansvar for heimetenestene i Eivindvik-området, og sjukeheimen i kommunen. Det er fire stillingar som avdelingssjukepleiarar knytt til denne eininga; ved langtidsavdelinga, rehabiliteringsavdelinga, dementavdelinga og ved bu- og omsorgssenteret (heimetenesta).


Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingssjukepleiar. Denne stillingar er for tida knytt til bu- og omsorgssenteret (heimetenesta). Sjølv om vår noverande avdelingssjukepleiar sluttar 01.11.21, ynskjer vi å gjere tilsetjing av ny avdelingssjukepleiar allereie frå snarast/ etter avtale, slik at det vert god tid til opplæring og overlapping. I tida fram til vår noverande avdelingssjukepleiar sluttar, vil arbeidsoppgåvene bestå av ordinære sjukepleieoppgåver i tillegg til opplæring. Ein vil også verte nytta på sjukeheimen for å bli kjent i heile eininga.

I stillinga som avdelingssjukepleiar er det både administrative oppgåver og oppgåver knytt til pleie og stell av pasientar. Turnus, med arbeid 3. kvar helg eller langvakter kvar 4. helg.

Arbeidsoppgåver:

  • Sjukepleiefagleg ansvar  
  • Personaloppfølging, inkludert utviklingssamtalar, og å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø. Oppfølging av sjukemeldte vil også vere ein del av avdelingssjukepleiaren sine oppgåver. 
  • Pasientretta oppgåver, som til dømes pleie og oppfølging av brukarane og kartlegging i heimen
  • Samarbeid med andre faggrupper, team (hukommelsesteam og kartleggingsteam),2. linjeteneste m.fl.
  • Andre oppgåver som måtte komme til

Kvalifikasjonar:

  • Autorisasjon som sjukepleiar 
  • Har erfaring frå pleie- og omsorgssektoren
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Ynskjer om å ha leiaroppgåver i tillegg til sjukepleiefaglege oppgåver
  • Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar/pårørande og kollegaer
  • Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Er sjølvstendig, tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Vi tilby:

  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad

 

 

 

 
  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    20.06.2021
  • Sted:
    EIVINDVIK
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    EIVINDVIK
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3864917
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune