Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
25.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6498222Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Surnadal kommune
Avdelingsleiar, vikariat i 100% stilling
Brannvesen
Vi ledig vikariat som avdelingsleiar i 100% stilling frå mai 2026 og i omlag eit år.
I Bu- og aktivitetstenesta er det for tida sju ulike bufellesskap og eit aktivitetshus. Til vikariatet som avdelingsleiar ligg ansvar for to av bufellesskapa.
Vi ser etter ein tydeleg, engasjert og fagleg sterk leiar som er samlande og som har evne til å skape tillit, solide tenester og gode resultat. Stillinga har dagarbeidstid.
Arbeidsoppgåver:
Fag-, drifts- og personalansvar
Bidra i utviklinga av tenesta innafor budsjettramme
Sikre eit godt tverrfagleg samarbeid for å skape heilheitlege tenester
Kvalitets- og utviklingsarbeid
Ansvar for fagsystem og elektronisk turnusverktøy
Saksbehandling og kartlegging av tenestebehov
Vere aktiv bidragsytar i eininga med fokus på godt samarbeid med pårørande/verger, kollegaer, tillitsvalde og verneombod
Dette er arbeidsoppgåver som f.t ligg til stillinga. I tillegg kjem oppgåver som kan bli lagt til frå næraste overordna.
Kvalifikasjonar:
Stillinga er aktuell for vernepleiarar eller sjukepleiarar med norsk autorisasjon eller andre med relevant utdanning.
Det er eit fortrinn å ha leiarerfaring.
Du er mål- og resultatorientert og har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, med god kunnskap om bruk av elektroniske turnusprogram og er interessert i bruk av velferdsteknologi og har solid digital kompetanse.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Personlege eigenskapar og fortrinn vi legg stor vekt på:
Vi ser etter deg som har engasjement og evne til å inspirere og motivere. Du har gode samarbeidsevner og ønske om å vere ein aktiv pådrivar til å bygge og oppretthalde eit godt arbeidsmlijø.
Du er handlekraftig og evner å ta utfordringar. Som leiar er du god til å delegere, rettleiie og vidareutvikle medarbeidarar og bygge gode team.
Hos oss får du:
- interessante og varierte arbeidsoppgåver
- ei engasjert og fagleg dyktig personalgruppe
- stor grad av påverknad på eigen arbeidskvardag og planlegging av oppgåver
- flotte og funksjonelle lokale
- gode pensjons- og forsikringsordingar
- kommunale tilsettingsvilkår
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
25.01.2026Ansettelsesform
FastBransje
BrannvesenUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6498222Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
-
Avdelingsleiar 100% fast
Øygarden kommune
Skogsvåg -
Sjukepleiar, 100% vikariat
Øygarden kommune
STRAUME -
Avdelingsleiar 100% fast stilling, ROP huset/Tunet
Øygarden kommune
STRAUME -
Sjukepleiar/vernepleiar 60-80% fast stilling natt
Øygarden kommune
STRAUME -
Helsefagarbeider 95 % fast stilling
Øygarden kommune
STRAUME