• Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4621568
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 14.05.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Gulen kommune

Avdelingsleiar/styrar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Dalsøyra barnehage og skule er organisert som ei eining, der det er skuleavdeling på Dalsøyra, og to barnehageavdelingar; ei på Dalsøyra og ei i Hovden. Eininga har felles leiing som består av einingsleiar og to avdelingsleiarar/styrarar som har dagleg ansvar i kvar sin barnehage. I tillegg er det merkantil ressurs ved eininga. 

Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som avdelingsleiar/styrar ved Dalsøyra barnehage og skule frå 15.08.2022. Stillinga er for tida knytt til Hovden barnehage. 

Barnehagane i Gulen har: 

  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar. 
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver:

Arbeidsoppgåvene er delvis knytt til arbeid i barnegruppa i avdeling barnehagen og delvis administrativt arbeidVi ynskjer at einingsleiar og avdelingsleiarane/styrarane, som utgjer leiarteamet ved eininga, saman skal utvikle eininga, og sjå heile eininga saman. I tillegg til utviklingsoppgåver og oppgåver på tvers av barnehage og skule, har avdelingsleiar/nestleiar fylgjande oppgåver knytt til barnehageavdelinga:

  • Ansvar for at det pedagogiske arbeidet skjer i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
  • Personalleiing og -utvikling
  • Leie, planlegge og involvere resten av personalet i drifta av avdelinga
  • Delta i den daglege drifta ved behov
  • Andre oppgåver som måtte kome til

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar og leiarerfaring
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar:

  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Har evne til å sjå kvart enkelt barn og skape gode og trygge relasjonar med borna
  • Bidra til å vere ein stabil vaksen i borna sin kvardag, og til eit godt arbeidsmiljø
  • Tar initiativ, er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Evne til å leie og utvikle organisasjonen
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna:

  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
  • Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

 

Vi tilbyr:

  • Løn over tariff
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Hjelp med å skaffe bustad

 

 

 

 

  • Bedrift
    Gulen kommune
  • Søknadsfrist
    22.05.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5966, EIVINDVIK
    GULEN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4621568
  • Se her for andre jobber fra Gulen kommune
  • Oppdatert 14.05.2022