Ledig stilling

Kvam Herad i Brønnøysund

Avdelingsleiar Norheimsund skule

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

ER DU VÅR NYE ENGASJERTE AVDELINGSLEIAR?

Norheimsund skule 1.-7. trinn er den største barneskulen i Kvam og ligg plassert midt i sentrum i regionsenteret Norheimsund i Hardanger. Skulen har 287 elevar, rektor, to avdelingsleiarar, SFO-leiar, sekretær, 36 lærarar, 16 fagarbeidarar, 2 miljørettleiarar og 3 lærlingar. Skulen er veldriven med tilsette som har høg fagleg kompetanse og god samarbeidskultur

Utviklingsområde skulen brukar tid på:

  • Implementering av ny læreplan
  • VFL (vurdering for læring)
  • LP (læringsmiljø og pedagogisk analyse)
  • Udir og Statsforvaltaren si oppfølgingsordning med trygt og godt skulemiljø, ordinær og inkluderande undervisning og leiarstøtte som fokusområde
  • Dekom (desentralisert ordning for kompetanseutvikling)
  • BTI (Betre tverrfagleg innsats)


  • Klasseleiing, positivt elevsyn og relasjonsbygging er viktig i Kvammaskulen
  • Vårt elevsyn er at barn gjer så godt dei kan, og at barn ikkje er vanskelege, men kan ha det vanskeleg
  • Skulen har støttesystem som gjev rask hjelp til elevar når behov dukkar opp
  • Skulen har eit aktivt elevråd som bidreg med trivselsfremjande tiltak og innspel
  • Foreldregruppa er engasjert og aktiv, og ein viktig støttespelar for skulen

Arbeidsoppgåver

Som avdelingsleiar vil du:

  • vidareutvikla ein trygg og god skule, med eit inkluderande læringsmiljø for elevane
  • delta i utvikling av kollektiv kapasitet ved skulen og som del av Kvammaskulen
  • leggja til rette for at lærar/fagarbeidarar vert tildelt oppgåver ut frå kompetanse slik at læringsutbytet for kvar elev aukar
  • kunna leia og motivera personalet i fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
  • vera ein trygg og tydeleg personalleiar som både støttar og utfordrar - med hjarte og hjerne
  • evna å prioritera mellom mange arbeidsoppgåver og møta det uforutsette med ro, tryggleik og godt humør
  • støtta rektor i å driva skulen i tråd med vedtekne rammer, politiske og administrative vedta
  • bruka forskingsbasert kunnskap og skapa engasjement om felles mål i tråd med LK 20. Involvera og samarbeida med elevar, tilsette, føresette og andre samarbeidspartar

Kvalifikasjonar

  • godkjent pedagogisk utdanning for barneskule jf. forskrift til opplæringslova § 14-3
  • digital kompetanse og interesse for å utvikla skule digitalt
  • erfaring frå undervisning på 1.-7 trinn er ein føremon
  • skuleleiarerfaring er ein føremon
  • nasjonal skuleleiarutdanning eller at du er villig til å ta denne er eit krav

Ved ny tilsetjing vert det stilt krav om politiattest, jfr. Opplæringslova § 10-9.

Personlege eigenskapar

Me legg vekt på personlege eigenskapar som:

  • at du kan visa til gode relasjons- og samarbeidsevner frå tidlegare arbeidserfaring
  • trygg, tydeleg, strukturert og systematisk
  • evne til å inspirera, rettleia, tenkja nytt og jobba målretta med utfordringar
  • god kommunikasjonsevne, skriftleg og munnleg
  • engasjert og fleksibel
  • kan driva team og utvikla skulen som lærande organisasjon på ein motiverande måte
  • evnar å arbeida systemretta, sjå heilskapen og utvikla Kvammaskulen i tråd med lovverk, læreplanar og politiske føringar

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø og teamkultur
  • systemretta utvikling av skulen med vekt på kollektiv kapasitet
  • spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • løn etter sentralt og lokalt lønnsystem
  • gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår

Generell informasjon:

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.