Detaljer

  • Bedrift
    BKK
  • Søknadsfrist
    07.11.2019
  • Sted:
    BERGEN
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Energi- og vannforsyning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    HORDALAND
  • Arbeidssted:
    BERGEN
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2211552
  • Se her for andre jobber fra BKK

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Avdelingsleiar BKK Enotek AS Førde

Entreprenørselskapet BKK Enotek AS er ein del av energikonsernet BKK og har hovedkontor i Bergen. Selskapet er ein nasjonal aktør med vestlandsfokus, og leverer ingeniør- og entreprenørtenester innan strømnett, telekom, fiber og belysning. Vi har kompetanse innan prosjektering, prosjektleiing, bygging, montasje, dokumentasjon, drift, vakt og beredskap.

Vi leverer totalentrepriser, delentrepriser og DVB- og serviceavtalar til energiselskap, netteigarar, eigedomsutviklarar, kommunar, industri og samferdsel. Tett kontakt i våre prosjekt mellom leiing, planleggarar og utførande ressursar sikrar at HMS er godt ivareteken. Høg aktivitet innan elektrifisering gjer vår kompetanse etterspurt, og selskapet har ein solid og veksande ordrereserve.

Enotek etablerer no avdelingskontor i Førde. Vi ser eit stort potensiale i regionen, og vårt avdelingskontor i Førde får ei sentral rolle i ei satsing for å vekse i denne marknaden. Som avdelingsleiar får du ei nøkkelrolle i denne satsinga, og ei sentral leiarrolle i selskapet. Som avdelingsleiar er du også plassjef i Førde, og dermed selskapsleiinga sin ansvarlege representant på lokasjonen.

 

Viktigste ansvars- og arbeidsområde

  • Leiing av vår avdeling i Førde, og være selskapet sin representant i Førde
  • Målbærar av selskapet sine ambisjonar innen HMS, kvalitet og kultur
  • Utvikle og bygge avdelinga sin kompetanse og kapasitet etter selskapet sitt behov
  • Personalansvar for montørane ved avdelinga
  • Aktivt arbeide for å sikre at avdelinga når sine mål innan HMS, kvalitet og økonomi
  • Tilrettelegge for effektiv utførelse, i tett samarbeid med dei ulike forretningsområda i selskapet
  • Bidra til å sikre gode eksterne samarbeidspartnarar for selskapet innan relevante fagområder
  • Bidra i forbetringsarbeid innan avtalte område
  • Operative bidrag gjennom sal, tilbud, prosjektering eller prosjektleiing kan være aktuelt 

 

Ønska kvalifikasjonar

  • Leiarerfaring
  • Bransjeerfaring frå elektro-, energi- eller telekombransjen
  • Relevant formell utdanning, gjerne på høgskulenivå, men erfaring og praksis kan kompensere for dette
  • Gode IT-kunnskapar, Microsoft Office og andre relevante verktøy

 

Eigenskapar

  • Du set HMS og etikk øvst på agendaen, og er ein naturleg rollemodell innan desse områda
  • Du vert motivert av å utvikle dine medarbeidarar
  • Kommersielt og forretningsmessig tankesett
  • Strukturert og systematisk i arbeidsforma
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner
  • Gode samarbeidsevner, og evne til å balansere ulike omsyn i ein hektisk kvardag

Stillinga rapporterer til divisjonssjef Marked og Ressurser, og vil ha arbeidsstad Førde. 

BKK Enotek er eit solid selskap med sterke fagmiljø og gode utviklings- og karrieremoglegheiter. Vi tilbyr interessante arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø med gode personal- og velferdsordningar. Du får ei nøkkelrolle i eit selskap som er med på å bygge og drifte viktig infrastruktur for landet vårt, og som bidrar til ei bærekraftig samfunnsutvikling. 

Ta gjerne ein uforpliktande kontakt før du sender søknad. Søk via vårt elektroniske søknadsskjema. Vi gjer merksam på at vi berre tek imot søknader via vårt elektroniske søknadsskjema.

 
Prøv en stillingsannonse på karriere.no
  • 70.000+ unike brukere/mnd
  • Over 70.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
  • Integrasjon Nav, Finn og lokalaviser
  • Annonsering i sosiale medier