• Bedrift
    Tokke kommune
  • Søknadsfrist
    29.10.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3880, DALEN
    TOKKE
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Tokke
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2166317
  • Se her for andre jobber fra Tokke kommune
  • Oppdatert 11.10.2019
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Tokke kommune

Avdelingsleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Frå 01.01.20 vil vår leiar i heimetenesta slutte, og det vil bli ledig ei fast 100 % stilling som avdelingsleiar for heimetenestane. ID 644

Søknadsfrist: 29 oktober 2019

Tokkekommune er ein kraftkommune som ligg i nordenden av Telemarkskanalen og har 2250 innbyggjarar.Frå kommunesentret på Dalen er det om lag same lengde til Stavanger som Oslo. Ynskjer du å busetje deg midt mellom aust og vest, er Tokke staden.Kommunen er rik på kultur og lange tradisjonar innan industri, gruvedrift, jord- og skogbruk. I dag har kommunen òg verksemder som er tufta på høg kompetanse. Kommunen som går frå 72 moh til 1537 moh, har gode friluftstilhøve ein kan nytte heile året.

Avdelingsleiar har det faglege og administrative ansvaret for heimetenesta i Tokke kommune.

Stillinga omfattar fyljande:

  • Hovudansvar for daglege drift heimesjukepleia, heimehjelp og heimevaktmeistar
  • Delegert personalansvar for heimetenesta sine medarbeidarar
  • Ansvar for oppfylging og utvikling av kvalitetsarbeid
  • Ansvar for at organisering og gjennomføring av oppgåver i avdelinga i samsvar med verdiar, mål, lov og forskrift
  • Delegert budsjett- og økonomiansvar for avdelinga
  • Tenesteutvikling
  •  Kvalitetsarbeid

Kvalifikasjonar for stillinga:

  • Helsefaglig utdanning frå høgskule/universitet minimum på bachelor-nivå, fortrinnsvis med formalisert leiarkompetanse, og relevant leiarerfaring. Dersom søkjar ikkje har leiarutdanning, så må søkjar forplikte seg til å gjennomføre slik utdanning.
  • Erfaring og god kompetanse med ulike dataprogrammer er ei fordel
  • Søkar må beherske norsk språk på høgt nivå, både munnleg og skriftlig
  • Personlig egnethet vil vektleggast
  • Lovkrav om politiattest

Tokke kommune har fokus på forebygging og mestring, og våre tilsatte er ei viktig ressurs for å lykkes med dette. Tenestane er under kontinuerlig tilpasning etter nye lovkrav og behov, og det stilles krav til løysningsorientering og kjennskap om kvalitet og leiing.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.

Nærare opplysningar om stillinga ved Kommunalsjef for helse- og omsorgsetaten, Ann Wraa, tlf. 35075200/970 21 422.

Elektronisk søknadsskjema:

 

  • Bedrift
    Tokke kommune
  • Søknadsfrist
    29.10.2019
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Bachelor
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3880, DALEN
    TOKKE
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Tokke
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2166317
  • Se her for andre jobber fra Tokke kommune
  • Oppdatert 11.10.2019