Detaljer


Avdelingsingeniør/overingeniør, vilt- og husdyrhelse

Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt med helse hjå fisk og dyr, velferd hjå dyr, mattryggleik og fôrtryggleik som kjerneområde. Vi har ei fri og ubunden stilling i faglege spørsmål.

Som myndigheitene sin viktigaste kunnskapsleverandør ved førebygging, rådgjeving, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittssame sjukdomar hos fisk og landdyr, tek vi hand om ei viktig samfunnsoppgåve. Veterinærinstituttet deltek også i førebygging og handtering av kriser årsaka av helseskadelege forbindelsar og smittestoff i fôr og mat. Vi yter tenester og formidlar kunnskap til næring, fagpersonell og dyre-eigarar.

Dei fleste fagseksjonane i Veterinærinstituttet ligg på Adamstuen i Oslo og er lokalisert saman med instituttet sitt hovudkontor. Seksjon for høyrisikoagens og patologi er lokalisert i Oslo. Veterinærinstituttet har og fagseksjonar i Sandnes, Bergen, Trondheim og Harstad. Til saman er vi ca. 330 tilsette. Det ligg føre konkrete planar om flytting og lokalisering av verksemda i Oslo saman med NMBU på Ås i 2020. Sjå Veterinærinstituttet si heimeside www.vetinst.no. for meir informasjon.
 

Ved Veterinærinstituttet, Avdeling for analyser og diagnostikk, Seksjon for høyrisikoagens og patologi, er det ledig stilling som 

Avdelingsingeniør/ Overingeniør, vilt- og husdyrhelse

Seksjon for høyrisikoagens og patologi arbeider med forsking, beredskap, diagnostikk og kunnskapsspreiing om helse hjå husdyr (pattedyr og fjørfe) og vilt. Det er omlag 30 tilsette ved seksjonen. 

Den som blir tilsett skal hovudsakleg arbeida med prosjektet «Helseovervakingsprogrammet for hjortevilt og moskus (HOP)» (www.vetinst.no/dyr/vilt/hop), som Veterinærinstituttet driv på oppdrag for Miljødirektoratet.

HOP er eit nasjonalt overvakingsprogram som har som mål å henta inn oppdaterte helsedata hjå norske bestandar av elg, hjort, rådyr, villrein og moskus. Programmet er basert på sjukdomsoppklaring på daude eller avliva, sjuke dyr, på granskingar av systematisk innsamla forskingsmateriale  og på overvaking via helsedata registrert på nett. Vedkommande vil ha arbeidsstad i Oslo/Ås (Ås frå mai 2020).

Ingeniøren vil også bli involvert i andre viltprosjekt og oppgåver knytt til diagnostikk på husdyr.

Arbeidsoppgåver

Sentrale arbeidsoppgåver vil bli:

  • Drift av viltlaboratorium
  • Legge til rette for og assistera ved obduksjonar av vilt og husdyr
  • Mottak, registrering og analysar av innkomne prøvar, inkludert store prøveinnsamlingar
  • Vedlikehald av biobankar og anna lagra viltmateriale
  • Delta i prosjekt- og feltarbeid, mellom anna knytt til skrantesjuke (CWD) 

Kvalifikasjonar / Ynskeleg bakgrunn

Vi søkjer etter ein person med biofagleg utdanning, på bachelor eller masternivå, helst med erfaring innan laboratoriedrift. Erfaring frå laboratoriearbeid på BSL3 nivå (Biosafety level) vil bli vektlagt.

Kompetanse innan viltbiologi, biobank og interesse for vilt og vilthelse, kunnskap om jakt og viltforvaltning, praktisk erfaring med kjøtskjæring/obduksjon samt vedlikehald av teknisk utstyr vil også kunne vektleggjast. God kompetanse innan IT og bruk av databaser er ynskjeleg.

Vi søkjer etter ein resultatorientert person, med gode samarbeidsevner. Du må vera systematisk og ryddig, lika å ta initiativ i høve til utoverretta aktivitet og kommunisera godt på eit skandinavisk språk, både skriftleg og munnleg. 

Kva vi kan tilby

Veterinærinstituttet tilbyr ei interessant og utfordrande stilling i eit kompetent fagmiljø. 

Stillinga vert løna etter Statens lønnsregulativ som avdelingsingeniør i stillingskode 1085. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan tilsetting som overingeniør i kode 1087 vurderes. Frå lønna blir det trekt 2 % til Statens Pensjonskasse.   

Veterinærinstituttet kan tilby fleksibel arbeidstid, medlemskap i Statens pensjonskasse med forsikringsordningar og lånetilbod, og moglegheit for leie av bedriftshytte. 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad avspegla mangfaldet i folket. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkja stillinga. 

Fleire opplysningar om stillinga får ein ved å ta kontakt med seksjonsleiar ved Seksjon for høyrisikoagens og patologi, Kristian Hoel eller forskar Turid Vikøren.

Søknad med CV saman med kopiar av vitnemål og attestar sendast elektronisk via denne sida.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege, jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova § 25). Reservasjon mot oppføring på offentleg søkjarliste må grunngjevast skriftleg. Søkjaren vil bli varsla dersom ynsket om reservasjon ikkje blir innfridd.