• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    10.03.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6073663
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Assistent for elev/ elevar med særskilt behov for assistanse

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Assistent

Ved Gossen barne- og ungdomsskole er det no behov for ein assistent for elev i grunnskolen.

Personleg assistanse er regulert i opplæringslova § 11-4, og er ein rett som inneber praktisk hjelp og bistand frå ein person som kan følgje med og hjelpe eleven i skolekvardagen. Dette kan variere i omfang, og kan for eksempel vere hjelp til 

  • å følgje med i opplæringa
  • sosiale aktivitetar i friminuttet
  • kommunikasjon
  • forflytning, bæring av sekk og utstyr
  • av- og påkleding
  • måltid
  • toalettbesøk

Det er ikkje nødvendig å ha pedagogisk kompetanse for å gi hjelp, og den som skal gi assistanse har ikkje ha ansvar for opplæringa.

Vi ønsker at du er ein som;

  • Er god på relasjonar og samhandling
  • Er strukturert og har ei positiv haldning
  • Er god på å yte omsorg og omtanke
  • Er fleksibel og løysingsorientert

 

Vi tilbyr
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff.
Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

Særskilte krav
Det blir stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    10.03.2025
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6073663
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune