Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
15.03.2021Stillingsfunksjon
TraineeAnsettelsesform
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransje
IngeniørUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAndre arbeidssteder
SunnfjordAntall stillinger
1karriere-kode
3385815Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
- Oppdatert 25.03.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Framtidsfylket AS
Enivest søker Trainee Prosjektingeniør
Ingeniør
Enivester det største IKT-selskapet heimehøyrande i Sogn og Fjordane.
Vi tilbyr framtidsretta internettløysingar på ulike teknologiplattformar der fiber og fiberbasert breiband er det sterkaste vekstområde. Enivest arbeider aktivt med integrasjon av ulike tenester i nettet og er GET partnar på distribusjon av TV. Våre hovudprodukt er internett, datakommunikasjon, TV, video og telefonitenester. Selskapet har i dag 60 tilsette med hovudkontor på Øyrane i Førde og er i stadig vekst og utvikling. Sjå meir informasjon på våre nettsider: enivest.no
________________________________________________________________
Kva kan vi gje deg som Trainee?
Vi kan gje deg ein spennande start på karrieren di i eit innovativt og lærerikt miljø. Du får eigen mentor som syter for di faglege og personlege utvikling. Vi kan gi deg konkurransedyktig løn og moglegheit for fast tilsetting.
Som Framtidsfylket Trainee får du:
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Kven er du?
Du er ein engasjert og framsynt person som ønskjer å gjere ein forskjell, og som på sikt kan bli ein god leiar. Du har sterk interesse for teknologi, er kreativ og initiativrik. Du kan jobbe sjølvstendig, men også i team og på tvers av fagmiljøa. Du har høg arbeidskapasitet og ønskjer å bidra positivt til vårt gode arbeidsmiljø.
Trainee – Prosjektingeniør
Arbeidsoppgåver:
- Prosjektering, planlegging og prosjektleiing for utbygging av fibernett og annan infrastruktur
- Oppfølging og koordinering av eksterne entreprenørar, installatørar, leverandørar og samarbeidspartnarar
- Forhandlingar og utforming av kontraktar
- Dokumentasjon av nett
Kvalifikasjonar:
- Høgare teknisk utdanning (ing./siv.ing). Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Kunne jobbe strukturert med fleire samtidige prosjekt
- Forståing for bygging av infrastruktur
- Forståing for prosjektøkonomi
- Erfaring med prosjektleiing
- Førarkort klasse B (reiseverksemd må påreknast)
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket-trainee:
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter enda studium
- Norsk som arbeidsspråk - munnleg og skriftleg
For eventuelle spørsmål om traineestillinga, ta kontakt med: Kåre Strømmen
mobil: 9189 5187
kare.strommen@enivest.no
Område: Sunnfjord
Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2021 til august 2022.
Bedrift
Framtidsfylket ASSøknadsfrist
15.03.2021Stillingsfunksjon
TraineeAnsettelsesform
workTime.Trainee (Heltid 12-24 mnd)Bransje
IngeniørUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6800, FØRDE
SUNNFJORD
NorgeAndre arbeidssteder
SunnfjordAntall stillinger
1karriere-kode
3385815Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
- Oppdatert 25.03.2021