Bedrift
Asplan Viak ASSøknadsfrist
09.05.2022Stillingsfunksjon
RådgiverAnsettelsesform
workTime.DagUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
1337, SANDVIKA
BÆRUM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4558392Se her for andre jobber fra Asplan Viak AS
- Oppdatert 12.04.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Asplan Viak AS
Arkeolog
Asplan Viak er eit av Norges største rådgjevande ingeniør-, plan- og arkitektfirma, og er eigd av Stiftelsen Asplan. Firmaet har som mål å vera den fremste arena for samfunnsutvikling, og har eit stort fokus på heilskapleg berekraftstenking når vi planlegg og gjev råd.
Asplan Viak var eit av dei første rådgjevingsfirma som satsa på kulturmiljøkompetanse som eige fagfelt, og vi er i dag eit av dei største fagmiljøa i landet innafor feltet. Vi er fagleg sterke med 2 erfarne arkeologar, 5 sivilarkitektar og ein kulturminneforvaltar fordelt på kontor over heile landet. Fagmiljøet jobbar tett saman på tvers av geografi. Arkeologane er ein integrert og viktig del av planmiljøet i Asplan Viak. Asplan Viak ynskjer nå å styrke oss ytterlegare innan fagfeltet arkeologi.
Vi søker etter ein erfaren arkeolog som vil vere med å bygge fagmiljøet vårt vidare, og som kan bidra som fagansvarleg og oppdragsleiar i små og store prosjekt. Vi treng ein arkeolog som veit at planlegging krev visjonære idear, tverrfagleg samarbeid og har evne til å løyse komplekse oppgåver. Hos oss vil du få utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag, utvikling og karriere.
Arbeidsoppgåver:
- Vere oppdragsleiar/ fagansvarleg i oppdrag
- Utarbeiding av konsekvensutgreiing med prosessbistand for fagtemaet som del av regulerings- og kommuneplanar
- Gje kulturminnefaglege råd i tverrfaglege prosessar i alle type oppdrag, til dømes kulturmiljøgrunnlag, byggesaker, kulturmiljøplanar og analysar
- Miljøoppfølging av arkeologiske kulturminner
Kvalifikasjonar:
- Arkeolog med masterutdanning frå universitet
- Bakgrunn frå offentleg kulturmiljøforvaltning er ein fordel
- Kjennskap til kulturminneloven og plan- og bygningsloven
- Kjennskap/erfaring med metodikk for konsekvensutgreiing: V712 (Statens vegvesen) og M-1941 (Miljødirektoratet)
- Kjennskap til planprosessar på alle plannivå
- God framstillingsevne i norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar:
- Sjølvstendig og strukturert
- Gode samarbeidsevner og dyktig lagspelar
- Fagleg initiativrik og evnar å finne gjennomførbare løysingar
- God heilskapleg forståing
Vi tilbyr:
- Fagleg sterk kulturminnegruppe som jobbar tett saman på tvers av kontor
- Dyktige og hyggelege kollegaer i eit stort, tverrfagleg miljø med mot, glød og respekt som kjerneverdiar
- Konkurransedyktig løn
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksibel arbeidstid, fem veker ferie, fri arbeidsdagane i påskeveka og romjula
- Studieturar/fagsamlingar og ulike sosiale arrangement
Føretrekte kontorstader er Oslo/Sandvika, Trondheim, Bergen eller Stavanger, men vi vil òg oppmoda søkarar til andre kontorstader å søke (sjå vår heimeside for aktuelle kontorlokaliseringar). Vêr venleg og skriv kontorstad i søknaden.
Bedrift
Asplan Viak ASSøknadsfrist
09.05.2022Stillingsfunksjon
RådgiverAnsettelsesform
workTime.DagUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
1337, SANDVIKA
BÆRUM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4558392Se her for andre jobber fra Asplan Viak AS
- Oppdatert 12.04.2022