Detaljer


Arbeidskonsulent

Hovudfokuset til AiR - klinikk er å bidra til at personar med nedsett arbeidsevne får auka livskvalitet og arbeidsdeltaking. Tilbodet i dag består av kartleggings- og vurderingsopphald og eller 4-vekers rehabiliteringsopphald.

Det vert no vurdert utvida med tilbod om ekspertbistand, ei ambulant teneste for samarbeid med bedrifter/organisasjonar kring tilsette som har lange og/eller hyppige sjukefråver.

Klinikken har fem team som består av psykolog/samtaleterapeut, lege, fysioterapeut, arbeidskonsulent og idrettspedagog.

Det er eit krav om kompetanse innan sosialfagleg/helsefagleg/pedagogisk retning på minimum bachelor nivå. Andre fagfelt kan og vera aktuelle.

I tillegg ser me etter kvalifikasjonar innan eitt eller fleire av desse områda:

  • kompetanse på relasjonen mellom arbeidstakar og arbeidsgjevar, arbeidstakar og kollegaer og/eller arbeidstakar og arbeidsoppgåver
  • kompetanse på endring og tilrettelegging i arbeidslivet
  • kjennskap til offentleg og privat hjelpeapparat

Arbeidsoppgåver:

  • hjelpe til med å avklare forhold mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar og finne ei løysing for vidare handling
  • gjennomføring av kartleggings- og samarbeidsmøte
  • individuell rettleiing
  • forankring og skriftleggjering av plan for vidare tiltak

Me tilbyr:

  • høve til fagleg utvikling internt i organisasjonen og gjennom kurs o.l.
  • høve til å bidra til eit utviklande fagmiljø innan fagfeltet arbeidsretta rehabilitering
  • konkurransedyktige løns- og pensjonsvilkår
  • hjelp til å skaffe møblert bustad

Søknadsfrist snarast -klinikken tek søkjarar inn til intervju fortløpande og avsluttar prosessen når me har funne den rette.

For meir informasjon, kontakt:
Klinikkleiar Siri Mørch tlf. +47 474 63 408, e-post siri.morch@air.no eller nestleiar klinikk, Jon Hovda på tlf. 35 06 28 00.

Søk på nettsida vår: https://rehabilitering.no/ledigestillingar/

 
Registrer deg på Karriere.no
  • Karriere Jobbmatch
  • Bedrifter ser relevante kandidater
  • Kom i kontakt og motta jobbtilbud
  • Du velger selv din synlighet
  • Over 90.000 registrerte kandidater