Bedrift
Eidfjord kommuneSøknadsfrist
01.08.2021Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
NorskAdresse
5783, EIDFJORD
EIDFJORD
NorgeAndre arbeidssteder
EidfjordAntall stillinger
1karriere-kode
3979852Se her for andre jobber fra Eidfjord kommune
- Oppdatert 14.07.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Eidfjord kommune
ADMINISTRATIV LEIANDE REINHALDAR
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Eininga Drift & Forvaltning har ledig stilling på inntil 50 % som administrativ leiande reinhaldar. Me ser etter nokon som er pliktoppfyllande, og som kan arbeida effektivt og sjølvstendig.
Om stillinga:
Stillinga inneber administrativt, økonomisk og fagleg ansvar ved avdelinga. Leiande reinhaldar rapporterer til einingsleiar på Drift & Forvaltning. Det vert forventa fleksibilitet i høve arbeidstid, som må tilpassast behovet på eininga.
Reinhaldsavdelinga i Eidfjord kommune har ansvar for dagleg reinhald i kommunale bygg slik som kommune- og helsehus, bygdaheim, skule, idrettshall, samfunnshus og barnehage. I dag er delar av reinhaldet sett vekk til eit eksternt firma.
Arbeidsoppgåver:
- Administrera og koordinera reinhald av kommunale bygningar og anlegg
- Personalansvar for reinhaldarane
- Budsjettansvar for avdelinga og ansvar for innkjøp
- Syta for at reinhaldsmaskiner og utstyr vert vedlikehalde
- Samordna tenester med eksternt reinhaldsfirma og fylgja opp kontrakten med dette.
Ynskjelege kvalifikasjonar:
- Du er strukturert og organisert
- Du kan samarbeida godt med andre, men også jobba sjølvstendig
- Du har gode IT-kunnskapar
- Du har sertifikat for bil kl. B
- Du kan gjerne ha fagbrev som reinhaldsoperatør, men dette er ikkje eit krav.
- Du kan kommunisera munnleg og skriftleg på norsk
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
Me tilbyr:
- Løn etter avtale
- Hjelp til å skaffa bustad
- Høve til fleksibel arbeidstid etter nærmare avtale
- Høve til å vera med og påverka eigen arbeidskvardag.
Det er ynskjeleg med snarleg oppstart.
Dersom du ynskjer meir informasjon om stillinga, ta gjerne kontakt med einingsleiar Arne Bu.
Søknad med CV sendast inn elektronisk via heimesida til Eidfjord kommune
Kontakt
Einingsleiar Arne Bu Telefon 53 67 36 63 Mobil 971 93 211, e-post arne.bu@eidfjord.kommune.no
Arkivsak: 21/618
Søknadsfrist er 01.08.2021
Bedrift
Eidfjord kommuneSøknadsfrist
01.08.2021Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
ØnskeligArbeidserfaring
ØnskeligØnsket Språk
NorskAdresse
5783, EIDFJORD
EIDFJORD
NorgeAndre arbeidssteder
EidfjordAntall stillinger
1karriere-kode
3979852Se her for andre jobber fra Eidfjord kommune
- Oppdatert 14.07.2021