Ledig stilling

Surnadal kommune

2x100% faste sjukepleiestillingar

Brannvesen

Heimetenesta har ledig 2 faste 100% sjukepleiestillingar i heimesjukepleia. 

Den eine stillinga inngår i det tverrfaglege arbeidet i eininga og som del av rehabiliteringsteamet. 

Begge stillingane inngår i turnus med f.t kvar tredje helg og 3 nattevakter på 6 veker. Arbeidsoppgåvene er både i heimesjukepleia og ellers i eininga.

 

Arbeidsoppgåver

- kartlegge, planlegge og sette i verk tiltak basert på pasientane sine behov

- utøve sjukepleie og medisinsk oppfølging i direkte pasientretta arbeid i heimane

- dokumentasjon og oppfølging av tiltak

- tverrfagleg samarbeid

- rettleiing av elevar, lærlingar og vikarar

- samarbeid med pårørande, legevakt, ambulanse og andre

Andre aktuelle oppgåver i eininga.

Oversjukepleiar er næraste overordna.

Krav til kvalifikasjonar:

- norsk autorisasjon som sjukepleiar

- førarkort kl.B

Tilsettingsvilkår:

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Viktige eigenskapar:

fagleg trygg

- kunne bidra til utviklinga av eit godt arbeidsmiljø

- gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre i arbeid og endring

- god muntleg og skriftleg framstillingsevne

Interesse for velferdsteknologi er eit fortrinn og du som er nyutdanna er velkommen som søkar!

Vi kan tilby deg:

Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

Eit arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid

Gode pensjons- og forsikringsordningar

Lønn etter gjeldande avtaleverk

Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen