• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Fag- / Svennebrev
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4781186
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

2 x 50 % helsefagarbeidarstilling på Øysteseheimen

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli vår nye kollega på Øysteseheimen?

Me har ledig 2 faste stillingar ved Øysteseheimen frå snarast. Stillingane er knytt til arbeid med bebuarar som treng bistand til stell, aktivitet og andre praktiske oppgåver. Turnus med arbeid kvar tredje helg.

Det er ynskjeleg med helsefagarbeidarar til desse stillingane, men søkjarar med relevant erfaring eller interesse for pleie og omsorgsyrke er velkommen til å søkja. God opplæring vert gitt.

Øysteseheimen langtidsavdeling er organisert under avdeling for heildøgnstenester og er lokalisert i sentrum av Øystese. Me har 28 langtidplassar.


Ta kontakt med oss så får du høyra meir om stillingane!


Arbeidsoppgåver

  • Praktisk hjelp og pleie til bebuar

Kvalifikasjonar

Me søkjer deg som:

  • har fagbrev som helsefagarbeidar. Erfaring og interesse for omsorgsyrket kan vega opp for manglande formell utdanning
  • likar å jobba og trivst med å gje omsorg til menneske som treng det
  • har dei personlege eigenskapane me søkjer
  • gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • er over 18 år

Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.Ved tilsetjing skal det leggast fram vitnemål og attestar. 

Personlege eigenskapar

  • er fleksibel
  • er løysningsorientert
  • er lærevillig
  • er god på samarbeid
  • kan takle ein til tider travel arbeidskvardag

Vi tilbyr

Variert arbeidskvardag
Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons-/og forsikringsordningar


Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. 

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    09.10.2022
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Fag- / Svennebrev
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4781186
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad