Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

2 x 100% fast stilling som vernepleiar ved Surnadal sjukeheim

Brannvesen

SURNADAL SJUKEHEIM HAR LEDIG TO FASTE VERNEPLEIESTILLINGAR

Stillingane inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg. Ønske om tilsetting i 80-100% stilling.

Vernepleiestillingane er lagt til avdelinga Kåret, som er avdlelinga vår for menneske med demenssjukdomar.

 

 

Hos oss har vi stort fokus på:

  • fagutvikling
  • rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene for auka tryggleik, kvalitet og trivsel
  • velferdsteknologi
  • aktivitetar
  • matglede
  • refleksjon

 

Vi søkjer etter:

  • vernepleiarar med autorisasjon
  • vi ønskjer oss både deg som er nyutdanna og deg som har erfaring
  • du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon

 

Arbeidsoppgåver:

  • utøve vernepleie på tenestestaden
  • delta i utviklingsarbeid
  • delta aktivt i faglege beslutningar
  • veilede kollegaer og studentar
  • vere medansvarleg for planlegging av aktivitetar for pasientane
  • bidra til godt tverrfagleg samarbeid i tenesta, samarbeide med pårørande og andre samarbeidspartar
  • ivareta rapportering i samsvar med gjeldande rutiner

 

  

Personlege eigenskapar:

 

Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og fokusert på å finne løysingar, noko som inneber at at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.

Du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriflteg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumnetasjon.

 

Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

 

 

 

Vi kan tilby:

 

- fagleg utvikling

 

- godt arbeidsmiljø

 

- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår

 

- gode pensjons- og forsikringsordningar

 

- turnus med mogleg individuell tilpassing

 

- flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan

 

 Ved sjukeheimen pågår det eit arbeid med planlegging for langvakter (12,5 timar) og arbeid 4.kvar helg.

 

 

 

 

 

Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!

 

 

 

Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim