• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4050996
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 22.09.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

100 % stilling - Spesialsjukepleiar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du utdanning i avansert klinisk sjukepleie? Vi søkjer deg til etablering av helsestasjon for eldre

Eining Heimetenester søkjer avansert klinisk sjukepleiar i fast 100 % stilling, der 20 % av stillinga vil vere å etablere og drifte helsestasjon for eldre.

Om Aukra kommune

Aukra kommune er ein kommune i Møre og Romsdal som består av to øyer og ein fastlandsdel. Kommunen har om lag 3600 innbyggjarar, og du kjem deg til øya etter ein ferjetur på 10 minutt. Næraste by er Molde, som ligg 30 minutt unna øya Gossa. Omlag 2/3 av innbyggarane i kommunen bur på øya. Aukra kommune har gassanlegg (Ormen Lange), fiskeforedling og industri som hovudnæringar i tillegg til kommunale arbeidsplassar. Kommunen ligg i naturskjønne omgjevnadar med fjord og fjell, der ein kan få flotte naturopplevingar. Frå kommunen har ein nærleik til fjellturar, toppturar og ulike festivalar som Moldejazz, Raumarock og båtfestivalar. Det er særleg gode muligheiter for fisking, hiking, motorcross, kajakk og klatring. Naboøya Midsund er kjent for dei fantastiske Midsundtrappene. Om du skulle ha ønskje om å etablere deg i Auka kommune kan vi tilby gode oppvekstvilkår med ny barnehage, ny barne- og ungdomsskule, nytt omsorgssenter og nytt kulturhus som står ferdig i 2022.

Om Eining Heimetenester

Eining Heimetenester består av heimesjukepleie, praktisk bistand, psykisk helse og rus, dagsenter for eldre og yngre samt demenskoordinator, kreftkoordinator og hjelpemiddelansvarleg. Basen til heimesjukepleia ligg i nye Aukra Omsorgssenter. I omsorgssenteret har heimesjukepleia ansvar for 20 bustader med heildøgns omsorg.  

Om stillinga

Stillinga er per i dag knytt til Eining Heimetenester. Vidare er det tenkt at ein dag pr veke skal disponerast på helsestasjon for eldre. Tilbodet om helsestasjon for eldre er nytt i Aukra kommune og du må sjølv vere med å etablere og utforme tilbodet. Arbeidskvardagen vil vere variasjonsrik med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med høgt fokus på pasientsikkerheit. Vi jobbar ut ifrå ein tanke om at det meste av behandling kan gjennomførast i heimen, og vi utfører difor oppgåver som tidligare har vore gjennomført i sjukehus og anna institusjon. Aukra kommune har òg legevaktssatellitt. Som spesialsjukepleiar i Heimetenesta vil du vere med på den daglege drifta av satellitten. Stillinga er i turnus dag/kveld og kvar tredje helg. 

Kva søkjer vi etter:

Vi søkjer fortrinnsvis deg som har vidareutdanning i avansert klinisk sjukepleie, men vi oppfordrar òg andre med relevant vidareutdanning og autorisasjon til å søkje. Du må trivast med å jobbe i team, være fleksibel og ikkje være redd for å ta ansvar eller finne kreative løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må evne å sette deg inn i nye prosedyrar. Du må evne å systematisk kartlegge pasientar sin helsetilstand, og sette i verk sjukepleieintervensjonar ved behov.
Det er ein fordel om du har erfaring frå somatikk og geriatri, samt ser viktigheita av førebyggande arbeid i alle aldrar. Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å sjølv planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte. 


Andre kvalifikasjonar vi ynskjer frå deg som søkjar:


• Minimum bachelorutdanning
• Gode ferdigheiter i kommunikasjon og relasjonsbygging
• Du må beherske norsk godt både munnleg og skriftleg (nynorsk)
• Du har god evne til å rettleie pasientar, tilsette og studentar
• Du har interesse for og fokus på kvardagsrehabilitering og eigenmestring hos den einskilde tenestemottakar
• Du har interesse for velferdsteknologi
• Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr

• Eit godt arbeidsmiljø med motiverte tilsette og høg fagleg kvalitet
• Ein arbeidsplass med ambisjonar om å levere tenester med kvalitet til innbyggarane
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
• Lønn etter tariff og fleksibilitetstillegg på 50 000 kroner per år i full stilling under faste føresetnader
• Ei eining med fokus på innovative løysningar og bruk av velferdsteknologi
• Nye og flotte arbeidslokale
• Gode moglegheiter for personleg utvikling i tråd med kommunen si kompetanseplan
• Stønad til vidare- og etterutdanning gjennom kommunens sitt utdanningsfond

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Om interne sjukepleiar søkjer og vert tilsett vil vi få ledig sjukepleiarstilling.

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    13.10.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4050996
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 22.09.2021