Company
Aukra kommuneApplication deadline
31.10.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5373553Look here for other jobs from Aukra kommune
- Updated 27.09.2023
Expired ad
The application deadline for this job opportunity has passed.
Aukra kommune
100 % stilling sjukepleiar fast og vikariat
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Er du på jakt etter ein spennande arbeidskvardag med stor fleksibiltet i turnus? Då kan dette vere jobben for deg, og vi ønskjer fleire med i teamet! Vi har både fast stilling og vikariat ledig
Aukra kommune er ein liten kommune med omlag 3600 innbyggjarar. kommunen ligg omlag 25 minutt frå Molde. Kommunen består både av ei øy og fastland, og senteret ligg på øydelen. Det tek omlag 10 minutt med ferge for å komme til fastlandet. Aukra kommune har nye skolar, barnehager og omsorgssenter. Aukra Omsorgssenter var ferdigstilt i 2018, og pleie og omsorg flytta inn våren 2018. Kommunen har òg nytt kulturhus som vart innflytta i 2022. Kommunen har eit rikt kulturliv, og det er gode moglegheiter til aktivt friluftsliv på fjord og i fjell.
Om stillinga
Stillinga er plassert i institusjonsteneste. Aukra omsorgssenter har 30 sjukeheimsplassar fordelt på langtids- og korttidsplassar. Arbeidskvardagen er variert med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, og med stort fokus på pasientsikkerheit. Institusjonstenesta og heimesjukepleie held til i Aukra Omsorgssenter, og saman driftar ein legevaktssatellitt. Som tilsett sjukepleiar vil du vere med på den daglege drifta av satellitten. Vi har eit tett samarbeid med heimesjukepleie når det gjeld bruk av sjukepleiefagleg kompetanse, og vi arbeider på tvers av einingar ved behov.
Stillinga er plassert i turnus. Vi tilbyr alternative turnusordninger med langvakter for den som måtte ønskje det. Eit eksempel på ei slik ordning kan vere at du arbeider lengre vakter over ei periode, får å kunne opparbeide deg lengre samanhengande friperioder.
Kven søkjer vi
Vi søkjer deg som er autoriset sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne kreative og gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å sette deg inn i nye prosedyrer.
Det er ein fordel om du har erfaring frå somatikk og geriatri. Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.
Andre kvalifikasjonar
• Minimum bachelorutdanning
• God kompetanse på relasjonsbygging og kommunikasjon
• Du må beherske norsk, både munnleg og skriftleg
• Du har god evne til å rettleie brukarar, tilsette og studentar
• Du ser nytten av velferdsteknologi i omsorgsarbeid
• Personelg eigna
• Førarkort kl B
Vi tilbyr
• Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og dyktige tilsette
• Ein arbeidsplass med ambisjonar om å halde eit høgt fagleg nivå og ha kvalitet på tenestene
• Ein spennande arbeidskvardag med varierte og utfordrande kliniske arbeidsoppgåver
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
• Tilbod om fleksibilitetstillegg på kr. 50 000,- per år i full stilling under faste føresetnader
* Lønn etter tariff
• Ei eining med fokus på innovative løysningar og bruk av velferdsteknologi
• Nye og fine arbeidslokaler
• Gode moglegheiter for personelg utvikling
• Stønad til vidare- og etterutdanning gjennom kommunen sitt utdanningsfond/kompetanseplan
• Som nytilsett får du grundig opplæring og god oppfølging av kollegaer og avdelingsleiar gjennom fadderordning
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader
Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Om du har spørsmål knytt til stilling eller turnusordningar ta kontakt med avdelingsleiar Bente Oksavik eller avdelingsleiar Thora Gundersen.
Frå 1. august 2023 er ferga mellom Julsundet og Gossen gratis.
https://youtu.be/LHNZGqxRFFI
Company
Aukra kommuneApplication deadline
31.10.2023Form of employment
PermanentIndustry
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonEducational qualification
PåkrevetWork experience
ØnskeligAddress
6480, AUKRA
AUKRA
NorwayNumber of positions
1Career-kode
5373553Look here for other jobs from Aukra kommune
- Updated 27.09.2023