• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    08.12.2021
  • Sted:
    AUKRA
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    AUKRA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4202105
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune

100 % stilling sjukepleiar

Aukra kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du autorisert sjukepleiar? Vi treng fleire på laget!

Eining Heimetenester søkjer sjukepleiar i fast 100 % stilling.


Om Aukra kommune:
Aukra kommune er ein kommune i Møre og Romsdal som består av to øyer og fastlandsdel. Kommunen har ca 3600 innbyggarar der 2/3 av innbyggarane bur på øya Gossa. Øya har ilandføringsanlegget for gass Ormen Lange, fiskeforedling og industri som hovudnæringar i tillegg til kommunale arbeidsplassar. Det er fergjesamband mellom øya Gossa og fastlandet, og det tek ca 25 minutt med bil til jazzbyen Molde.

Aukra kommune er ein kystkommune som ligg midt i matfatet for flotte naturopplevingar med havet som næraste nabo. Naboøya Midsund er kjent for dei fantastiske Midsundtrappene. Det er særleg gode muligheiter for fisking, hiking, motorcross, kajakk og klatring i kommunen. Om du skulle ha ønskje om å etablere deg i Auka kommune kan vi tilby gode oppvekstvilkår med ny barnehage, ny barne- og ungdomsskole, nytt omsorgssenter og nytt kulturhus som står ferdig i 2022.


Om Eining Heimetenester

Eiining Heimetenester inneheld heimesjukepleie, praktisk bistand, teneste for psykisk helse og rus, dagsenter for eldre og yngre samt demenskoordinator, kreftkoordinator og hjelpemiddelansvarleg. Basen til heimesjukepleia ligg i nye Aukra Omsorgssenter som sto ferdig bygd i 2018. I omsorgssenteret har heimesjukepleia ansvar for 20 bustadar med heildøgns omsorg.

Om stillinga
Stillinga er pr idag knytt til Eining Heimetenester. Arbeidskvardagen vil vere variasjonsrik med ulike sjukepleiarfaglege oppgåver, med høgt fokus på pasientsikkerheit. Vi jobbar ut ifrå ein tanke om at det meste av behandling kan gjennomførast i heimen, og vi utfører oppgåver som tidligare har vore gjennomført i sjukehus og anna institusjon. Aukra kommune driftar òg legevaktssatellitt, og som tilsett sjukepleiar i heimetenesta vil du vere med på den daglege drifta av satellitten. Stillinga er plassert i turnus dag/kveld og kvar tredje helg.


Kva søkjer vi etter
Vi søkjer deg som er autoriset sjukepleiar. Du må vere ein sjukepleiar som likar å arbeide i team, og som ikkje er redd for å ta ansvar og finne kreative og gode løysningar på utfordringar som måtte oppstå. Du må ha evne til å sette deg inn i nye prosedyrar.
Det er ein fordel om du har erfaring frå somatikk og geriatri. Du må ha høg gjennomføringsevne og evne til å sjølv planlegge arbeidsdagen din på ein strukturert måte.


Andre kvalifikasjonar vi ønskjer frå deg som søkjar
• Minimum bachelorutdanning
• Gode relasjons- og kommunikasjonsferdigheter
• Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
• Du har god evne til å rettleie brukarar, tilsette og studentar
• Du har interesse for og fokus på kvardagsrehabilitering og eigenmestring hos den einskilde tenestemottakar
• Du har interesse for velferdsteknologi
• Personleg eignaheit vert vektlagt

Vi tilbyr
• Eit godt arbeidsmiljø med motiverte og dyktige tilsette
• Ein arbeidsplass med ambisjonar om å halde eit høgt fagleg nivå og ha kvalitet på tenestene
• Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP
• Tilbod om fleksibilitetstillegg på kr. 50 000,- per år i full stilling under faste føresetnader
• Ei eining med fokus på innovative løysningar og bruk av velferdsteknologi
• Nye og fine arbeidslokale
• Gode moglegheiter for personleg utvikling i tråd med kommunen si kompetanseplan
• Stønad til vidare- og etterutdanning gjennom kommunens sitt utdanningsfond

Særskilte krav

Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkjarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

Om du har spørsmål knytt til stillinga ta kontakt med Malene Lillebostad eller Nina Tomren.

 

 
  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    08.12.2021
  • Sted:
    AUKRA
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    AUKRA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4202105
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune