• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    14.12.2021
  • Sted:
    AUKRA
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    AUKRA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4240113
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune

100 % stilling Reinhaldar (heimehjelp)

Aukra kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Grunna auke i behov for tenester søkjer Tenester for Heimebuande etter reinhaldar (heimehjelp) i 80 % stilling. Det er òg behov for fleire assistentar i heimesjukepleie, og det vert høve til å auke stillinga til inntil 100 % ved å arbeide delar av stillinga der. Reinhaldar/heimehjelparen sine oppgåver er i hovudsak reinhald og praktisk bistand hos heimebuande og bebuarar i heildøgns omsorgsbustader. Arbeidsoppgåver til assitent i heimesjukepleie er i hovudsak omsorgsarbeid og praktiske oppgåver.

 Krav til søkar:

- Fagbrev reinhald, men søkjarar med lang erfaring kan vurderast
- Førarkort klasse B 
- Kommunisere på norsk 
- Digital kompetanse

Ønska kvalifikasjonar:
Vere fleksibel og ha gode samarbeidsevne
Ha relasjonskompetanse
Evne til å takle ein skiftande arbeidskvardag

Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på samarbeidsevne, evne til kommunikasjon og personleg eignaheit. Du må kunne jobbe sjølvstendig , vere løysningsorientert og ta ansvar for eigne arbeidsoppgåver. Ved internt opprykk kan stillingsstørrelse verte endra. Interne søkjarar med fortrinnsrett må gjere krav på dette i søknaden. Arbeidstida er 37,5 timar/35,5 pr veke avhengig om ein har vakter i heimesjukepleie.

Kompetanseheving:
Tilbod om kompetanseheving i form av kurs 
Du vil få tilgang på e-læring 
Det gis støtte til utdanning som kommunen har meldt behov for

Politiattest
Før tiltreding må politiattest kunne framleggast

Heimetenesta søkjer òg etter tilkallingsvikarar som kan ta vakter ved sjukdom og anna fråvær hos fast tilsette.

 

 Søkarliste

Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

 

 

 

 
  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    14.12.2021
  • Sted:
    AUKRA
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    AUKRA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4240113
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune