Detaljer
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
07.03.2021Sted:
AUKRAStillingstype:
DagBransje:
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
MØRE OG ROMSDALArbeidssted:
AUKRALand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3446620Se her for andre jobber fra Aukra kommune
100 % stilling Reinhaldar (heimehjelp)
Til våren vert ein av våre dyktige medarbeidarar pensjonist, og vi søkjer no etter hennar erstattar i 100 % stilling som reinhaldar (heimehjelp). Heimehjelparen sine oppgåver er i hovudsak reinhald og praktisk bistand hos heimebuande og bebuarar i heildøgns omsorgsbustader.
Krav til søkar:
- Fagbrev Søkjarar med lang erfaring kan vurderast
- Førarkort klasse B Ein må enkelte dagar kunne disponere eigen bil
- Kommunisere på norsk Bruke nynorsk som målføre
- Må ha datakunnskap/digital kompetanse
Ønska kvalifikasjonar:
Vere fleksibel og ha gode samarbeidsevne
Ha relasjonskompetanse
Evne til å takle ein skiftande arbeidskvardag
Ved tilsetting vil det bli lagt vekt på samarbeidsevne, evne til kommunikasjon og personleg eignaheit. Du må kunne jobbe sjølvstendig , vere løysningsorientert og ta ansvar for eigne arbeidsoppgåver. Ved internt opprykk kan stillingsstørrelse verte endra. Interne søkjarar med fortrinnsrett må gjere krav på dette i søknaden. Arbeidstida er 37,5 timar pr veke.
Kompetanseheving:
Tilbod om kompetanseheving i form av kurs
Du vil få tilgang på e-læring
Det gis støtte til vidareutdanning som kommunen har meldt behov for
Politiattest
Før tiltreding må politiattest kunne framleggast
Heimetenesta søkjer òg etter tilkallingsvikarar som kan ta vakter ved sjukdom og anna fråvær hos fast tilsette.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater