• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    08.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4256185
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 05.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

100 % stilling Miljøterapeut - psykisk helse og rus (vikariat)

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Aukra kommune finn du i Møre og Romsdal. Det er ein liten kommune med om lag 3500 innbyggjarar. Kommunen består av både fastland og øy, og du kjem deg til øya etter ein kort ferjetur. Næraste by er Molde, som ligg 30 minutt unna øya Gossa der om lag 2/3 av innbyggarane bur. Aukra kommune har gassanlegg (Ormen Lange), fiskeforedling og industri som hovudnæringar i tillegg til kommunale arbeidsplassar. Kommunen ligg i naturskjønne omgjevnadar med nærleik til fjord og fjell. Frå kommunen har ein nærleik til fjellturar, toppturar og ulike festivalar som Moldejazz, Raumarock, båtfestivalar og anna. Kommunen har nye bygningar som skolar, barnehagar og omsorgssenter. Våren 2022 er nytt kulturhus innflyttingsklart.


Pleie og omsorg har samlokaliserte tenester i Aukra Omsorgssenter med lang- og korttidsplassar i sjukeheim, 20 heildøgns omsorgsbustadar og dagsentertilbod for eldre og yngre. Legevaktsatelitt vert drifta av sjukepleiarar frå institusjon og heimesjukepleie.

Aukra kommune ønskjer seg nye medarbeidarar som kan vere med på å vidareutvikle eit allereie godt tenestetilbod. Kommunen har fått prosjektmidlar frå Statsforvaltaren, og har styrka tenesta psykisk helse og rus ved å opprette ei ny stilling som miljøterapeut for heimebuande. Frå mai treng vi vikar i stillinga. Den som vert tilsett i vikariatet kan få tilbod om fast tilsetting i eininga etter endt vikariat.

100 % stilling Miljøterapeut - teneste psykisk helse og rus (vikariat) med moglegheit for fast stilling i eininga

Om eininga/avdelinga

Tenester for heimebuande har ansvar for heimesjukepleie og heimehjelp, psykisk helse og rus samt dagsentertilbod for eldre og yngre. Eininga driv dagsenter for yngre 2 dagar i veka (lavterskeltilbod). Tenesta har 2 heile stillingar som psykiatriske sjukepleiarar som yt teneste til ungdommar og vaksne med utfordringar innan psykisk helse og rus. Dagsenteret har ei 100 % stilling med fagleg ansvar for dagsenter/miljøarbeid hos heimebuande, og 100 % stilling som miljøterapeut som no er utlyst.

Tenesta har tett samarbeid med andre einingar i kommunen og spesialisthelsetenesta. Stillinga som miljøterapeut skal i hovudsak bistå heimebuande på ulike livsområde som bustad, ADL-oppgåver, helse, søknadar, økonomi, arbeid, aktivitet og fritid med meir. Arbeidet vert i hovudsak på dagtid,men den som vert tilsett må kunne arbeide ein til to ettermiddagar/kveldar i veka. Næraste leiar er einingsleiar.

Om du har høgskoleutdanning innan helse- eller sosialfag med relevant vidareutdanning eller arbeidpraksis og har lyst å delta i utvikling av tenester i Aukra kommune, kan dette vere ei stilling for deg. Arbeidet krev at du er sjølvstendig, løysningsorientert og har god gjennomføringsevne. 3.års studentar som tek bachelor våren 2022 vert oppfordra til å søke.


Vi ønskjer søkjar med
3- årig helse- og sosialfagleg utdanning på høgskolenivå, men ikkje eit absolutt krav
Vidareutdanning er ein fordel (til dømes psykisk helsearbeid/rus)
Erfaring frå klinisk arbeid er ein fordel
God på observasjon, kommunikasjon og samhandling
Godkjent politiattest
Sertifikat klasse B
Digital kompetanse
Godt munnleg og skriftleg språk (nynorsk)
Personleg eigna for stillinga
Fleksibel og med gjennomføringsevne


Kompetanseheving
Tilbod om deltaking på kurs
Tilgang på e-læringskurs
Støtte til etter- og vidareutdanning som kommunen etterspør


Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
Løn etter tariff
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding

Autorisasjon for helsepersonell

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 månader

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    08.02.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4256185
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 05.01.2022