• Bedrift
    Vinje kommune
  • Søknadsfrist
    18.04.2021
  • Sted:
    VINJE
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
  • Fylke:
    VESTFOLD OG TELEMARK
  • Arbeidssted:
    Vinje Kommune
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3643475
  • Se her for andre jobber fra Vinje kommune

100% fast stilling som rekneskapsansvarleg frå snarast

Vinje kommune

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Har du lyst til å ha ansvar for rekneskapen i Vinje kommune?

Du vil få ei nøkkelrolle på Vest-Telemarks største arbeidsplass, og vil ta del i utvikling av kommunens økonomiavdeling.

Stillinga som rekneskapsansvarleg skal i aukande grad bidra til å møte utfordringar som Vinje kommune står ovanfor innan økonomiområdet. Dette gjeld særleg digitalisering av kommunens økonomitenester, nye arbeidsprosessar og effektiv ressursutnytting. Kort sagt - ei spanande stilling som skal vera med på å ta Vinje kommune inn i framtida.

Det er stor grad av sjølvstendig arbeid og mange spanande utfordringar – ingen dag er lik og det er store variasjonar. Eininga er også ei støtteeining for heile kommuneorganisasjonen, og som rekneskapsansvarlig vil du ha ein viktig funksjon her.

Oppgåver knytt til stillinga blir mellom anna:

  • Fagansvar knytt til kommunens samla drifts- og investeringsrekneskap
  • Koordinering av rekneskapsrelaterte oppgåver og rapportering
  • Systemansvar for rekneskapssystemet og kvalitetssikring av overføring frå fagsystem
  • Utarbeide og vidareutvikle rutinar og arbeidsprosessar innan fagområdet
  • Vera ein pådrivar når det gjeld utvikling av fagområdet
    • Digitalisering og automatisering av rutinar, prosessar og system
  • Ansvarleg for opplæring internt på avdelinga og ute i einingane ved behov
  • Kontakt og oppfylgjing mot kommunerevisjonen
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Me legg vekt på fylgjande kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Det er naudsynt med gode datakunnskapar
  • Kjennskap og erfaring frå økonomisystemet Agresso er ein fordel
  • Gode Excel-kunnskapar
  • Forretningsorientert og god til å sjå heile biletet
  • God økonomiforståing og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Evne til å ta ansvar og takle mange arbeidsoppgåver
  • Kandidaten har utdanning på minimum bachelornivå innan rekneskap, revisjon eller økonomi, fortrinnsvis med 3-5 års relevant praksis
  • Erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt
  • God evne til samarbeid
  • Evne til å motivere og inspirere medarbeidarar til fagleg godt arbeid


Personlege eigenskaper

  • Du har evne til å organisere og arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig med arbeidsoppgåver
  • Du har gode kommunikasjons- og relasjonseigenskaper
  • Du er nøyaktig og opptatt av detaljar
  • Du har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Du er strukturert, analytisk og har stor arbeidskapasitet
  • Du er proaktiv og løysningsorientert
  • Du har evne til å motivere andre og jobbe i team
  • Du er utadvent og på leit etter nye og betre løysingar

Personlege eigenskapar vil tilleggjast stor vekt.

Me kan tilby løn etter avtale, gode forsikrings- og pensjonsordningar, full barnehagedekking og hjelp til å skaffe bustad.

Me ynskjer deg velkomen som søkjar til ei spanande stilling i eit godt miljø. Kommunen sittadministrasjonsspråk er nynorsk.

I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.


Nærare opplysingar om stillinga blir gjeve av plan- og økonomisjef Gry Åsne Aksvik på e-post: gryak@vinje.kommune.no eller mobil 928 50 037.

 
  • Bedrift
    Vinje kommune
  • Søknadsfrist
    18.04.2021
  • Sted:
    VINJE
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Bachelor
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
  • Fylke:
    VESTFOLD OG TELEMARK
  • Arbeidssted:
    Vinje Kommune
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3643475
  • Se her for andre jobber fra Vinje kommune