Ruskoordinator

MANGER / Søknadsfrist: 11.01.2017  

Radøy kommune

1

Kort om stillinga
Prosjektstilling 100 %  i to år, med moglegheit for fast tilsetjing.

Om arbeidsstaden 
Gjennom stillinga har Radøy kommune som mål å bidra til at personar med rusmiddelrelaterte problem får ei tett og koordinert oppfølging. Vidare har vi ei målsetting om å auke den generelle ruskompetansen i kommunen.
Vi søker difor etter ein dyktig  og engasjert ruskoordinator, som skal arbeide direkte inn mot brukarar av tenesta, samt bidra til utvikling og kvalitetssikring innan fagfeltet.  

Stillinga er organiserast inn under tenesteområde for Psykisk helse og rusomsorg, og det skal rapporterast til tenesteleiar.

 Ansvar / arbeidsoppgåver

  • Nytte BrukarPlan for kartlegging, kvalitetssikring, utvikling og planlegging av tenesta
  • Delta i utarbeiding av rutinar og prosedyrar i rusarbeidet, med fokus på heilskaplege brukar- og pasientforløp
  • Koordinere tverrfaglege tiltak rundt brukarar av tenesta
  • Rettleiing, støttesamtalar og bustadsosialt arbeide
  • Bidra i kommunalt planarbeid
  • Auke den rusfaglege kompetansen i kommunen
  • Førebyggande arbeid

 Kompetanse

  • minimum treårig høgskuleutdanning, fortrinnsvis innan helse-/sosialfag
  • erfaring frå eller vidareutdanning i rusarbeid
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førarkort, kl B

 Personlege eigenskaper

  • Samhandlingskompetanse
  • Sjølvstendig, initiativrik og nytenkande
  • Tydeleg, strukturert og resultatorientert

 Me kan tilby

  • Meiningsfulle og spanande arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde
  • Eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø
  • God moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag
  • Fleksitid
  • God pensjonsordning i KLP
  • Løn basert på gjeldande avtaleverk etter kvalifikasjonar og erfaring.  

Politiattest

I tråd med helsepersonellovgjevnad er det krav om godkjend politiattest ved tiltrede.

 Du kan sende søknad slik:

Radøy kommune ber alle søkjarar å søkja på stillingar elektronisk. For ytterlegare informasjon og rettleiing kring søknads prossesen ta kontakt med sørvicetorget på tlf: 56 94 90 00. Arbeidstakarar vert tilsette i kommunen på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtaler.
Medlemskap i pensjonsordning hos KLP eller SPK. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Radøy kommune er IA- verksemd.
Me gjer merksam på at jfr. Offentlighetsloven § 25 kan opplysningar om søkjar vert gjort offentleg sjølv om søkjar har oppmoda til ikkje verta ført opp i postjournal. Søknad om å verta unnateke offentligheita må vere grunngjeven. Dersom søknaden ikkje vert teken til følgje vil søkjar verta varsla om dette.

 Nytt krav om politiattest i den kommunale helse- og omsorgstenesta . Den som får tilbod om stilling i helse og omsorg, skule, barnehage og barnevern skal levera politiattest ikkje eldre enn 3 månader.

 Rett kopi av attestar og vitnemål kan lastast opp i søknaden men skal også bli tatt med ved evt. intervju. 

 Kontaktperson

Marita Ulriksen Årseth, leiar Psykisk  helse, tlf: 56 34 92 80, marita.aarseth@radoy.kommune.no

Mette Fauskanger, Kommunalsjef Helse, omsorg og sosial, tlf: 56349015, mobil: 92832296, mette.fauskanger@radoy.kommune.no

 

Kort om jobben:

  • Type arbeid: Rådgiver
  • Stillingstype: Heltid
  • Antall stillinger: 1
  • Bransje: Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav: Bachelor
  • Arbeidserfaring: 1-2 år
  • Fylke: HORDALAND
  • Arbeidssted: MANGER
  • Land: Norge

Spørsmål rettes til:


Denne jobben er også publisert i din lokalavis

11. jan. — 10. feb. 2017