• Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    04.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    9750, HONNINGSVÅG
    NORDKAPP
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4248917
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 04.01.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kystverket

Vil du vere med å forvalte norske hav- og kystområder? 

Offentlige tjenester og forvaltning

Vi søker etter ein dyktig medarbeidar som kan vere med på å styrke vår kapasitet i avdelinga!

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate innan samferdsel, mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og
organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Det er no ledig ei stilling som rådgivar/seniorrådgivar med juridisk kompetanse i avdelinga for hav- og kystforvaltning i Kystverket. Avdelinga har til saman 22 tilsette i Arendal, Haugesund, Ålesund, Kabelvåg og Honningsvåg. Avdelingsleiaren har arbeidsstad i Honningsvåg. Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande. Oppgåvene vil vere knytt til både saksbehandling, råd og rettleiing. 

Kvalifikasjoner:

Det er krav om:

  • Master i rettsvitskap eller cand.jur
  • Søkarar med utdanning minimum på bachelornivå innanfor samfunns-, forvaltnings- eller planfag kan vurderast
  • Gode språkkunnskapar - norsk/engelsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort kl.B
  • Gode kunnskapar i elementære dataverktøy

Det er ønskeleg med:

  • Kjennskap til digitale kartverktøy
  • Erfaringfrå /kunnskap om saksbehandling og utøving av mynde
  • Erfaring frå/kunnskap om offentleg forvaltning, utgreiings- og planleggingsoppgåver
  • Erfaring frå/kunnskap om prosjektleiing
  • Erfaring frå forbedringsarbeid

Personlige egenskaper:

  • Ansvarsbevisst og analytisk
  • Vedtaksfør 
  • Brukarorientert
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Initiativrik, sjølvstendig og strukturert
  • Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar; framtidsretta, engasjert og påliteleg

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Ei utfordrande stilling med utviklingsmoglegheiter
  • Ferieheimsordning for nokre av fyra til Kystverket
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Verkemidlar for arbeidstakarar i Nord-Troms og Finnmark med lågare skatt og nedskriving av  studiegjeld så lenge Stortinget bestemmer

Stillingskode 1434 rådgivar/1364 seniorrådgivar, ltr 60 - 76 frå brutto kr 543 500 til brutto kr 734 400.

Arbeidsstad primært for tida i Honningsvåg. Kabelvåg, Ålesund, Haugesund og Arendal kan vurderast. Opplys om ønska arbeidsstad i din søknad. 

Noko reising kan påreknast.

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.


 

  • Bedrift
    Kystverket
  • Søknadsfrist
    04.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    9750, HONNINGSVÅG
    NORDKAPP
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4248917
  • Se her for andre jobber fra Kystverket
  • Oppdatert 04.01.2022