Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Norsk rikskringkasting AS

Vil du jobbe saman med oss og lage saker frå vest til heile landet?

Media, informasjon og PR

NRK Vestland har ledig to faste stillingar som nyheitsjournalistar ved kontoret i Førde. Vi søkjer journalistar som kan setje dagsorden og løfter saker til eit nasjonalt publikum. Vi ynskjer særleg å bli flinkare til å nå unge og fleirkulturelle.

Vi i NRK Vestland vil komme tett på folk der dei bur og gje dei reportasjane som engasjerer i kvardagen. Vi vil skape journalistikk som bidreg til endring  og løfter fram løysingar i samfunnet. Vi ser samfunnet frå innsida. 

Kvalifikasjoner:

  • Erfaring frå nyheitsarbeid
  • Erfaring frå undersøkande journalistikk er ein fordel 
  • Kan vise til konkrete saker som er jobba fram frå idé til ferdig reportasje
  • Er samfunnsengasjert og følgjer med i det lokale nyheitsbiletet
  • Må kunne skrive korrekt og god nynorsk og ha ei sikker munnleg språkføring
  • Har evne til å formidle og velge innhald slik at det treffer eit ungt publikum og fleirkulturelle
  • Har god teknisk og digital forståing
  • Erfaring med datastøtta journalistikk er ein fordel

Personlige egenskaper:

  • Kan arbeide sjølvstendig og har eigne idéar
  • Har nyheitsteft og evne til å jobbe fram eigne saker
  • Har gjennomføringsevne, engasjement og er uthaldande
  • Har gode samarbeidsevner og vilje til å vere med på å løfte heile laget

Vi tilbyr:

  • NRK Vestland har eit godt arbeidsmiljø.
  • I NRK Vestland vil det vere gode vilkår for utvikling og kompetanseheving. 
  • NRK har privat AFP-ordning og konkurransedyktige pensjons- og forsikringsordningar. 

Annet

  • Arbeidet inneber helge- og turnusjobbing.
  • Søkar må ha førarkort.