Detaljer


Vil du bli jobbspesialist?

Individuell jobbstøtte (IPS) NAV og Voss DPS NKS Bjørkeli:
3 prosjektstillingar

Individuell jobbstøtte (IPS) er ein modell for arbeidsretta oppfølging av personar med psykiske lidingar som ønskjer arbeid, og som har behov for behandling samstundes med arbeidsretta bistand. Målet med IPS er å legge til rette for at menneske med psykiske lidingar skal få, og også behalde lønna arbeid. Brei internasjonal forsking viser at IPS (på norsk kalla Individuell jobbstøtte), har gitt gode resultat når det gjeld sysselsetting for målgruppa.

Er du energisk og uredd? Er du god på relasjonsbygging? Vi søkjer ein IPS metoderettleiar og to IPS jobbspesialistar for å jobbe med arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar.

Prosjektstillingane vert plassert slik:

  • Metoderettleiar hjå Voss DPS med kontor på Voss DPS (medlem i Virke)
  • Ein jobbspesialist tilsetjast på NAV-kontoret i Kvam med kontor i Norheimsund (kommunal tilsetjing)
  • Ein jobbspesialist tilsetjast på NAV-kontoret på Voss med kontor på Voss (kommunal tilsetjing)

Voss DPS dekker kommunane Voss, Kvam, Ulvik, Granvin, Vaksdal og Eidfjord. I samarbeid med NAV Region Voss Hardanger skal det opprettast eit IPS jobbspesialistteam.

Prosjektstillingane har førebels varigheit ut 2021, under føresetnad av tildeling av tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet.

Stillingane vil inngå i eit team beståande av 1 metoderettleiar og 2 jobbspesialistar som jobbar i eit samarbeid mellom Voss DPS NKS Bjørkeli AS og NAV-kontora og ulike kommunale tenester i Voss, Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord og Vaksdal. Stillingane vil bli integrert i dei ulike behandlingsteama ved Voss DPS. Stillingane vert og tilknytt fagnettverket ved IPS Ressurssenter NAV Vestland.

Om du vert motivert av å jobbe med menneske, har ein positiv livshaldning og ønskjer å bidra på eit svært viktig samfunnsområde, kan denne stillinga vere noko for deg. I søknadsteksten ber vi deg reflektera over kva som motiverer deg til å søkje på denne stillinga.

Arbeidsoppgåver

Jobbspesialist:

  • Bruke IPS som arbeidsmetode. Engasjere og motivere både jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og teammedlemmer.
  • Oppsøkje bedrifter, skape dialog med arbeidsgjevarar og bygge nettverk (65 % av tida er ute hos arbeidsgjevarar og/eller med jobbsøkjarar).
  • Identifisere jobbsøkjarane sine interesser, sterke sider, ferdigheiter og evner, samt matche desse med riktige jobbar.
  • Vere bindeledd mellom NAV-kontora med tilhøyrande kommunar og Voss DPS omkring felles brukarar i målgruppa.

Metoderettleiar:

Same oppgåver som jobbspesialistane med tillegg av:

  • Leie vekentlege jobbspesialist-teammøter, vekentleg oppfølging av jobbspesialistar med porteføljegjennomgang, resultat/måltal, fokusplanar og feltrettleiing.
  • Delta og være aktiv på fagdagar og konferansar.
  • Kvartalsvis deltaking i det helseteam IPS jobbspesialistane er tilknytta og drøfting av eventuelle utfordringar knyta til IPS i tenesta.
  • Kommunikasjon med leiar av helseteam for å sikre god integrering av tenesta.

Kvalifikasjonar
Du må ha:

  • Utdanning frå yrkesfag, universitet eller høgskule
  • Arbeidserfaring med ein kombinasjon av sal, marknadsarbeid og brukaroppfølging kan vege opp for utdanningskravet
  • Kjennskap til privat og offentleg verksemd
  • Yrkeserfaring av noko varigheit
  • Gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter
  • Generelt god IKT kompetanse
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar
Vi ønskjer at du:

  • Har kjennskap til prinsippa i IPS, og tro på at menneske til tross for psykiske liding kan få og oppretthalde ordinært arbeid
  • Har gode sosiale ferdigheiter og evne til å skape tillit hos menneske
  • Er motivert og har gjennomføringsevne til å drive oppsøkjande verksemd og relasjonsarbeid mot arbeidsgjevarar
  • Er målretta, initiativrik og strukturert. Må tole å bli målt i høve oppnåing av IPS-prinsippa.
  • Har evne til å motivere og engasjere jobbsøkjarar, arbeidsgjevarar og teammedlemmer
  • Har evne til å handtere uføresette hendingar i eit dynamisk miljø
  • Like å jobbe målretta, strukturert og metodisk
  • Kan prioritere, ha god oversikt over oppgåver
  • Er uredd, lærevillig og audmjuk
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
  • Eit aktivt, godt og engasjert arbeidsmiljø
  • Opplæring i metodisk tilnærming og regelverk
  • Tilknyting til regionalt nettverk for IPS.
  • Løn etter avtale

Spørsmål om stillinga kan rettes til:

Frédéric André Eftevåg Larsen, direktør Voss DPS NKS Bjørkeli AS mobil 97 60 98 35

Terje Langeland, Leiar Nav Kvam mobil 97 56 42 58

Susan Savides, Fagleiar IPS ressurssenter Avd. for tenesteutvikling NAV fylkeskontor Vestland mobil 920 77 440


Søknad sendast:    Per e-post til post@bjorkeli.no    Merk emnefeltet «Søknad IPS»