• Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2736523
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 11.02.2020
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fjaler kommune

Vil du bli helsefagarbeidarlærling hos oss?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi gler oss til å ta i mot 2 nye lærlingar som helsefagarbeidarar frå august 2020. Vi har eit godt organisert program for våre lærlingar, og har fokus på å leggje til rette for ei god læretid og skape interesse og engasjement for yrket. Som lærling i Fjaler vil du ha variert praksis, og vil bli fulgt opp av fagleg leiar i helse og omsorg, i tillegg til oppfølging frå instruktørar i dei ulike einingane. 

Er du interessert i å vite meir om lærlingordninga hos oss, håper vi du tek kontakt så vi kan få fortelje korleis det er å vere lærling hos oss.

Arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegging og oppfølging av tenester til brukarar
  • Tverrfagleg samarbeid og samhandling med pårørande
  • Målretta miljøarbeid
  • Føring og bruk av opplæringslogg
  • Dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Bestått VG1 Helse- og oppvekstfag, dokumentasjon for fullført og bestått VG2 må leggast fram før signering av lærekontrakt
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi-, MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Positive haldningar og gode samarbeidsevner
  • Evner å arbeide løysingsorientert i eit travelt miljø og samtidig ha eit godt humør
  • Kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg

Vi tilbyr

  • Varierte praksisperiodar i heimetenestene, ved Fjaler sjukeheim, og i miljøtenesta
  • God oppfølging av dyktige instruktørar, rettleiarar og leiarar med fagleg/pedagogisk bakgrunn
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid og hyggelege kollegaer
  • Lærekontrakt og opplæringskontrakt
  • Mellombels tilsetting i Fjaler kommune som lærling i 2 år
  • Løn under utdanning
 

  • Bedrift
    Fjaler kommune
  • Søknadsfrist
    01.03.2020
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6963, DALE I SUNNFJORD
    FJALER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    2736523
  • Se her for andre jobber fra Fjaler kommune
  • Oppdatert 11.02.2020