Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Vaksdal kommune

Vikariat i skule og barnehage

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vikariat undervisningsstillingar 

Vil du vera med oss og byggje framtidsskulen for alle elevane i Vaksdal?  

Arbeidet med Kunnskapsløftet er i gang. Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. Verdigrunnlaget skal løftast fram i læreplanane, og elevane skal mellom anna jobbe tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestringVaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom vurdering for læring, PALS og digitalisering, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande fellesskap. Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar.  

Ved Dale skule ynskjer me deg som søkjar til ledig vikariat for undervisningsstilling 40 % i Mat og helse frå så snart som mogeleg og ut skuleåret 21-22. 

Ved Eksingedalen skule ynskjer me deg som søkjar til ledig vikariat som kontaktlærar i hovudsak 5-10 i 100 % frå 28.mars 2022 til påske 2023. Du kan søkja om du berre ynskjer å arbeide ved skulen vårhalvåret 2022, eller berre frå skulestart hausten 2022.  

Arbeidsstad 
Dale skule - Rektor Magnar Helland Tlf. 488 80 331 
Eksingedalen skule - Rektor Liv Anne Bergo Tlf. 97653458 

Krav til kompetanse 
Godkjent undervisningskompetanse (allmennlærar/grunnskulelærar) 
For stillinga på Dale må ein ha undervisningskompetanse i Mat og helse på ungdomstrinnet. Søkjarar med relevant kompetanse og erfaring innan Mat og helse kan verte vurdert.  
God IKT-kompetanse. 
Vi ynskjer å tilsetje positive, velkvalifiserte og dyktige lærarar som; 

  • er tydelege klasseleiiarar og har evne til å skapa gode relasjonar 
  • set eleven sitt beste i sentrum 
  • vektlegg tilpassa opplæring 
  • har god læreplanforståing og vurderingspraksis 
  • har gode samarbeidsevner 
  • er sjølvstendige, reflekterte, fleksible og tar ansvar 
  • har godt humør 
  • Om det ved utlysing ikkje kjem nok søkjarar som oppfyller kompetansekrava, kan andre søkjarar bli vurderte tilsett som lærar utan godkjent utdanning, jamfør opplæringslova 

Vikariat pedagogisk leiar 

Ved Dale barnehage er det ledig 100 % vikariat som pedagogisk leiar frå 31.1.22 og ut juni 2022. 

Arbeidsstad 
Dale barnehage – Styrar Karianne Pettersen Tlf. 488 80 361 

Krav til kompetanse 

  • Godkjend utdanning som barnehagelærar. Anna pedagogisk utdanning vil òg bli vurdert. 

Du må vere ein pålitelegopen og ærleg person. Det er viktig for oss at våre tilsette er i barnehagen for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer. Du må vere strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert. 

Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja 

Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. 

Vaksdal kommune kan tilby

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Slik søkjer du

Klikk på avdelinga oppe til høgre som du ynskjer å sende søknad på, klikk deretter "send søknad" og følg vidare instruksjonar.
Har du søkt på stilling i Vaksdal via EasyCruit før er brukarnamn ofte e-posten du brukte.
Treng du hjelp, kan du venda deg til HR-rådgjevar: på e-post tiril.h.langhelle@vaksdal.kommune.no eller tlf 95 52 75 04